65389_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/kvartal
65389
Arbeidskraftskostnadene nesten uendra i industri
statistikk
2012-03-07T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks4. kvartal 2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidskraftskostnadene nesten uendra i industri

Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftskostnader i industri syner nesten uendra tal, eller ein vekst på 0,1 prosent, frå 3. til 4. kvartal 2011. I tilsvarande kvartal året før viste indeksen ein auke på 1,4 prosent.

I samferdsel syner indeksen ein auke i arbeidskraftskostnadene i perioden, med 0,2 prosent. Til samanlikning vart arbeidskraftskostnadane reduserte med 1,2 prosent i oljesektoren.

Meir informasjon

Tal for fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

I arbeidskraftskostnader inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle og andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007).

Tabeller: