90228_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/kvartal
90228
Auka arbeidskraftskostnadar i industrien
statistikk
2012-12-06T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks3. kvartal 2012, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka arbeidskraftskostnadar i industrien

Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftskostnadar i industri syner ein auke på 0,3 prosent frå 2. kvartal til 3. kvartal 2012.

Indeksen synte ein auke på 0,5 prosent i den tilsvarande perioden året før. I varehandel syner indeksen ein auke i arbeidskraftskostnadane på 0,9 prosent frå 2. kvartal til 3. kvartal 2012.

Meir informasjon

For å få tal frå fleire næringar, sjå tabellar og Statistikkbanken .

Om statistikkgrunnlaget

Arbeidskraftskostnadsindeksane måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnadar per betalte time. Både heiltids- og deltidstilsette inngår i statistikken.

 

I arbeidskraftskostnadar inngår mellom anna utbetalt lønn, uregelmessige tillegg, bonusar, overtidsgodtgjersle samt andre kontantytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnadar. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.

 

Indeksane vert utarbeidde på grunnlag av dei fireårlege arbeidskraftskostnadsundersøkingane, årleg og kvartalsvis lønnsstatistikk samt opplysningar frå Skattedirektoratets lønns- og trekkoppgåveregister.

 

Alle indeksane følgjer Standard for næringsgruppering (SN2007).

Tabeller: