Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidskraftskostnadene opp 1,5 prosent i industri
Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftskostnader i industri syner ein auke på 1,5 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2013. Indeksen viser ein auke på 4,9 prosent frå 2. kvartal 2012.
Indeks | Prosent | ||
---|---|---|---|
2. kvartal 2013 | 1. kvartal 2013 - 2. kvartal 2013 | 2. kvartal 2012 - 2. kvartal 2013 | |
Olje- og gassutvinning og bergverksdrift | 145,4 | -2,5 | 1,0 |
Industri | 149,5 | 1,5 | 4,9 |
Forsyning av elektrisitet, gass, damp og varmtvatn | 141,1 | -1,9 | 4,8 |
Vatn, avløp, renovasjon | 137,4 | -0,2 | 3,4 |
Byggje- og anleggsverksemd | 135,7 | 1,6 | 4,1 |
Varehandel | 145,2 | 1,0 | 5,2 |
Samferdsel | 140,4 | 2,2 | 4,2 |
Hotell- og serveringsverksemd | 129,0 | 0,9 | 6,3 |
Informasjon og kommunikasjon | 140,8 | -0,1 | 4,3 |
Omsetning og drift av fast eigedom | 144,4 | 3,6 | 4,0 |
Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting | 141,9 | -0,5 | 3,6 |
Forretningsmessig tenesteyting | 130,2 | 2,7 | 1,7 |
Undervisning | 152,8 | 1,7 | 6,9 |
Helse og sosialtenester | 147,6 | 1,2 | 5,9 |
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar | 136,2 | 0,7 | 2,7 |
Personleg tenesteyting | 146,9 | 2,6 | 6,8 |
I arbeidskraftskostnader inngår utbetalt lønn og andre kontante ytingar, naturalytingar, sosiale utgifter, arbeidsgjevaravgift og opplæringskostnader. Arbeidskraftskostnadsindeksane måler endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnader, samla for heiltids- og deltidstilsette, per betalt time. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidstimar.
Dette er faktorar som påverkar utviklinga i indeksane. Til dømes er den underliggande auken i lønn for heiltidstilsette i industrien 1,1 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2013. Det er vidare noko større auke i lønn for deltidstilsette og auke i overtidsgodtgjersle, medan det er ein liten reduksjon i talet på timeverk, som påverkar endringa i arbeidskraftkostnadene i industri dette kvartalet.
Til samanlikning syner same indeks for varehandel ein auke på 1,0 prosent frå 1. kvartal til 2. kvartal 2013, og ein auke på 5,2 prosent frå 2. kvartal 2012.
Kontakt
-
Thomas Hagen
E-post: thomas.hagen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 20
-
Heidi Bekkevold Backe
E-post: heidi.backe@ssb.no
tlf.: 40 81 13 22
-
Marianne Mellem
E-post: mnm@ssb.no
tlf.: 40 81 14 42