92230_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/kvartal
92230
Arbeidskraftskostnadene opp 0,6 prosent i varehandel
statistikk
2013-12-05T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
aki, Arbeidskraftkostnadsindeks, arbeidskraftkostnader, indeks, næringshovudområde (for eksempel industri, bygg og anlegg, olje), næringar, heltidstilsette, deltidstilsetteLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftkostnadsindeks3. kvartal 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidskraftskostnadene opp 0,6 prosent i varehandel

Den førebelse indeksen for totale arbeidskraftskostnader i varehandel syner ein auke på 0,6 prosent frå 2. kvartal 2013 til 3. kvartal 2013. Indeksen viser ein auke på 4,9 prosent frå 3. kvartal 2012.

Totale arbeidskraftkostnader, etter næringshovudområde.
IndeksProsent
3. kvartal 20132. kvartal 2013 - 3. kvartal 20133. kvartal 2012 - 3. kvartal 2013
Olje- og gassutvinning og bergverksdrift143,5-1,35,6
Industri145,5-2,73,4
Forsyning av elektrisitet, gass, damp og varmtvatn142,91,35,4
Vatn, avløp, renovasjon137,80,32,1
Byggje- og anleggsverksemd136,20,43,8
Varehandel146,00,64,9
Samferdsel141,91,16,3
Hotell- og serveringsverksemd130,00,86,9
Informasjon og kommunikasjon141,50,56,6
Omsetning og drift av fast eigedom147,42,15,1
Fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting143,81,34,4
Forretningsmessig tenesteyting128,8-1,14,5
Undervisning153,60,57,3
Helse og sosialtenester148,80,85,8
Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar135,6-0,42,0
Personleg tenesteyting147,80,66,3

Både i olje- og gassutvinning og industri syner indeksen for totale arbeidskraftskostnader ein nedgang frå førre kvartal, med høvesvis 1,3 prosent og 2,7 prosent. Siste året har næringane hatt ein auke i arbeidskraftskostnadane på 5,6 prosent i olje- og gassutvinning og 3,4 prosent i industrien.

Til samanlikning syner den førebelse indeksen for totale arbeidskraftskostnader i byggje- og anleggsverksemder ein auke på 0,4 prosent frå 2. kvartal til 3. kvartal 2013, og ein auke på 3,8 prosent frå 3. kvartal 2012.