52718_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arbkonfl/aar
52718
Ein halv million tapte arbeidsdagar
statistikk
2011-05-12T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
arbkonfl, Arbeidskonfliktar, streik, lockout, tapte arbeidsdagarArbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn
false

Arbeidskonfliktar2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein halv million tapte arbeidsdagar

Ein halv million arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av arbeidskonfliktar i 2010. Vi må attende til 1996 for å finne eit tilsvarande tal på tapte arbeidsdagar.

I underkant av 67 000 arbeidstakarar i tolv arbeidskonfliktar var omfatta av desse konfliktane i 2010. Ved førre hovudoppgjer, i 2008, var det til samanlikning 10 arbeidskonfliktar med om lag 13 000 arbeidstakarar involvert. I løpet av konfliktane i 2008 gjekk nær 62 600 arbeidsdagar tapt.

Det var flest tapte arbeidsdagar i helse- og sosialtenester. Her var 28 800 arbeidstakarar involverte, og det gjekk tapt 276 000 arbeidsdagar, eller 55 prosent av alle tapte arbeidsdagar dette året. I undervisning og byggje- og anleggssektoren var det også omfattande konfliktar, med høvesvis om lag 111 000 og 59 000 tapte arbeidsdagar.

I år med hovudoppgjer, slik som i 2010, er det som regel fleire tapte arbeidsdagar enn i år med mellomoppgjer. Det er hovudoppgjer annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei store endringane i statistikken frå år til år.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar både i form av streik og lockout som varer minst ein dag.

Oppgåvene vert innhenta frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane.

Tabeller: