Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Få konfliktar – men mange tapte arbeidsdagar
I 2013 vart det registrert seks arbeidskonfliktar med tap av om lag 11 000 arbeidsdagar. Til samanlikning gjekk berre 500 arbeidsdagar tapt ved det førre mellomoppgjeret i 2011.
2010 | 2011 | 2012 | 2013 | |
---|---|---|---|---|
Arbeidskonfliktar | 12 | 2 | 11 | 6 |
Arbeidstakarar i arbeidskonflikt | 66 938 | 114 | 41 820 | 1 385 |
Tapte arbeidsdagar | 500 009 | 526 | 360 643 | 10 849 |
Ved dei seks registrerte arbeidskonfliktane i 2013 var til saman 1 385 arbeidstakarar involverte. Flest tapte arbeidsdagar var det i kraftforsyning der om lag 6 000 arbeidsdagar forsvann i konflikt. I samferdsle var om lag 400 personar involverte, noko som ga eit tap på vel 4 100 arbeidsdagar.
I år med mellomoppgjer, slik som i 2013, er det som regel færre arbeidskonfliktar enn i år med hovudoppgjer. Hovudoppgjer er det annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngåtte i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av variasjonane i tala frå eitt år til det neste.
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42