Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
151 000 tapte arbeidsdagar
Om lag 151 000 arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av arbeidskonfliktar i 2002. Dette var langt færre enn ved hovudoppgjeret i 2000, då ein halv million arbeidsdagar gjekk tapt.
Det blei registrert 16 arbeidskonfliktar med til saman 9 900 involverte arbeidstakarar i 2002. Flest tapte arbeidsdagar hadde hotell- og restaurantverksemder med 69 600 dagar eller 46 prosent av alle tapte arbeidsdagar. Også i industrien var det omfattande konfliktar med tap av om lag 44 000 arbeidsdagar.
I år med hovudoppgjer, slik som i 2002, er det som regel fleire tapte arbeidsdagar enn i år med mellomoppgjer. Vi må heilt attende til 1992 for å finna eit år med hovudoppgjer og så få arbeidskonfliktar. Når det gjeld talet på tapte arbeidsdagar, må ein attende til 1994 for å finna eit år med hovudoppgjer og lågare tal på tapte arbeidsdagar.
Det er hovudoppgjeret annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei store endringane i statistikken frå år til år.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar, eller stans i arbeidet, som varer i minst ein dag. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Statistikken omfattar følgjande typar streikar: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske streikar eller proteststreikar, generalstreikar, stans i arbeidet som er sett i verk av tilsette og roterande streikar. Streik som er avbroten, men som seinare blir teken opp att av same grunn, blir talt som ein streik dersom avbrotet ikkje går over to månader. Er avbrotet lenger blir dette rekna som ein ny streik. Ein konflikt som er oppstått eitt år og som held fram neste år skal takast med i begge åra og tel altså som to streikar.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42