Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Berre 1 000 arbeidsdagar gjekk tapt
I underkant av 1 000 arbeidsdagar gjekk tapt på grunn av arbeidskonfliktar i 2003. Til samanlikning gjekk heile 151 000 arbeidsdagar tapt i 2002, sist det var hovudoppgjer ved lønnsforhandlingane.
I 2003 blei det registrert fem arbeidskonfliktar med til saman 95 involverte arbeidstakarar. Flest tapte arbeidsdagar fann ein i oljebransjen med heile 57 prosent av alle tapte arbeidsdagar dette året. Førre mellomoppgjer omfatta til samanlikning tre ulike arbeidskonfliktar der 29 arbeidstakarar vart råka av konfliktane.
I år med mellomoppgjer, slik som i 2003, er det som regel færre arbeidskonfliktar enn i år med hovudoppgjer. Hovudoppgjer er det annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seia at det blir inngått toårige tariffavtalar. I 2003 skjedde det ein revisjon av dei avtalane som var inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei store endringane i statistikken frå år til år.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar, eller arbeidsstogg, som varer i minst ein dag. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Statistikken omfattar følgjande typar streikar: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske streikar eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstogg som er sett i verk av tilsette og roterande streikar. Streik som er avbroten, men som seinare blir teken opp att av same grunn, blir talt som ein streik dersom avbrotet ikkje går over to månader. Er avbrotet lenger blir dette rekna som ein ny streik. Ein konflikt som er oppstått eitt år og som held fram neste år skal takast med i begge åra og tel altså som to streikar.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42