Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
141 000 tapte arbeidsdagar
141 000 arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av arbeidskonfliktar i 2004. Dette var 10 000 færre enn ved hovudoppgjeret i 2002. Til samanlikning var det i underkant av 1 000 tapte arbeidsdagar i samband med arbeidskonfliktar i 2003.
9 900 arbeidstakarar var involvert i 12 arbeidskonfliktar i løpet av 2004. Ved førre hovudoppgjer i 2002 var om lag same tal på arbeidstakarar involvert i 161 arbeidskonfliktar.
Det var flest tapte arbeidsdagar i oljesektoren og industrien med til saman 82 000 tapte arbeidsdagar. Her var det oljearbeidarstreiken og journaliststreiken som var dei to største streikane. I samferdsel og i byggje- og anleggsbransjen var det streik blant høvesvis transportarbeidarar og heismontørar i 2004. Her gjekk det tapt om lag 33 000 arbeidsdagar i samferdsel og 24 000 arbeidsdagar i byggje- og anleggsbransjen.
I år med hovudoppgjer, slik som i 2004, er det som regel fleire tapte arbeidsdagar enn i år med mellomoppgjer. Det er hovudoppgjer annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei store endringane i statistikken frå år til år.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar, eller arbeidsstans, som varer i minst ein dag. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Statistikken omfattar følgjande typar arbeidskonfliktar: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske streikar eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstans som er sett i verk av tilsette, og roterande streikar. Streik som er avbroten, men som seinare blir teken opp att av same grunn, blir talt som ein streik dersom avbrotet ikkje går over meir enn to månader. Er avbrotet lenger blir dette rekna som ein ny streik. Ein konflikt som er oppstått eitt år og som held fram neste år skal takast med i begge åra, og tel då som to streikar.
Statistikken kjem ut kvart år i Dagens statistikk og Noregs Offisielle Statistikk (NOS) Statistisk årbok.
1 | Tal endra 24.05.2005. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42