Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Få konfliktar - mange arbeidsdagar tapt
Berre to arbeidskonfliktar vart registrerte i 2005, men heile 11 000 arbeidsdagar gjekk likevel tapt. Sist år det var eit mellomoppgjer, i 2003, gjekk berre 1 000 arbeidsdagar tapt.
Til samanlikning gjekk 141 000 arbeidsdagar tapt ved hovudoppgjeret i 2004.
Ved dei to registrerte arbeidskonfliktane i 2005, var til saman 591 arbeidstakarar involverte. Flest tapte arbeidsdagar var det i byggje- og anleggsbransjen, der streik blant heismontørane kosta vel 8 000 arbeidsdagar. I tillegg gjekk vel 2 900 arbeidsdagar tapt ved oljearbeidarstreiken. Førre mellomoppgjer omfatta til samanlikning fem ulike arbeidskonfliktar der 95 arbeidstakarar vart råka av konfliktane.
I år med mellomoppgjer, slik som i 2005, er det som regel færre arbeidskonfliktar enn i år med hovudoppgjer. Hovudoppgjer er det annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seia at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av variasjonane i tala frå år til år.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar, eller arbeidsstogg, som varer i minst ein dag. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Statistikken omfattar følgjande typar streikar: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske streikar eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstogg som er sett i verk av tilsette og roterande streikar. Streik som er avbroten, men som seinare blir teken opp att av same grunn, blir talt som ein streik dersom avbrotet ikkje går over to månader. Er avbrotet lenger blir dette rekna som ein ny streik. Ein konflikt som er oppstått eitt år og som held fram neste år skal takast med i begge åra og tel altså som to streikar.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42