Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
147 000 tapte arbeidsdagar
I underkant av 147 000 arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av arbeidskonfliktar i 2006. Dette var 6 000 fleire enn ved hovudoppgjeret i 2004.
Det blei registrert i alt tolv konfliktar med til saman 29 100 arbeidstakarar involverte i 2006. Ved hovudoppgjeret i 2004 var det like mange konfliktar, men i underkant av 10 000 arbeidstakarar var involverte.
Det var flest tapte arbeidsdagar i forsikring med 36 000 tapte arbeidsdagar der 5 300 arbeidstakarar var involverte. I bygg og anlegg og kraftforsyning var det streik blant høvesvis bygningsarbeidarar og energimontørar. Her gjekk det tapt 30 000 og 26 000 arbeidsdagar. TV-journalistane var i ein omfattande streik som involverte 2 400 arbeidstakarar, med tap av 25 000 arbeidsdagar.
I år med hovudoppgjer, slik som i 2006, er det som regel fleire tapte arbeidsdagar enn i år med mellomoppgjer. Det er hovudoppgjeret annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngått i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av dei store endringane i statistikken frå år til år.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken omfattar arbeidskonfliktar, eller arbeidsstogg, som varer i minst ein dag. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Statistikken omfattar følgjande streikar: lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske streikar eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstogg som er sette i verk av tilsette, og roterande streikar. Streik som er avbroten, men som seinare blir teken opp att av same grunn, blir talt som ein streik dersom avbrotet ikkje går over to månader. Er avbrotet lenger blir dette rekna som ein ny streik. Ein konflikt som er oppstått eitt år, og som held fram neste år, skal takast med i begge åra og tel altså som to streikar. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42