Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Få konfliktar i mellomoppgjer
Om lag 500 arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av to arbeidskonfliktar i 2011. Til samanlikning gjekk det tapt 180 arbeidsdagar ved førre mellomoppgjer i 2009.
Når det er år med mellomoppgjer vert tariffavtalar som er inngått i hovudoppgjera reviderte. Ved det førre hovudoppgjeret i 2010 gjekk det tapt heile 500 000 arbeidsdagar grunna arbeidskonfliktar.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken omfattar arbeidskonfliktar både i form av streik og lockout som varar minst ein dag. Oppgåvene vert innhenta frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som Fagforeiningsmedlemmer og streikar.
Tilleggsinformasjon
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar og arbeidsstogg som varar i minst ein dag. Det årlege konflikttalet blir rekna ut frå talet på forbund som hadde arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42