Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i helse- og sosialtenestene
Førebelse tal for sysselsette i kommunal forvaltning syner ein vekst på 1,3 prosent, tilsvarande nær 6 500 personar, i 4. kvartal 2010 samanlikna med same kvartal året før.
Av dei 495 000 sysselsette i kommunal forvaltning, var 448 000 sysselsette i kommunane og 47 000 i fylkeskommunane i 4. kvartal 2010.
Auke på nær 6 000 sysselsette i kommunane
Kommunane hadde ein auke på nær 6 000 sysselsette samanlikna med 4. kvartal 2009. Sidan mange arbeider deltid innanfor dei kommunale tenestene, svarer 447 000 sysselsette personar til nær 346 000 årsverk. Frå 2009 til 2010 var det ein auke på 5 600 årsverk. Helse- og sosialtenestene stod for 66 prosent av veksten, tilsvarande 3 700 årsverk.
I alt i kommune og fylkeskommune | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | Endring 2009-2010 | Prosentvis endring 2009-2010 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sysselsette | 450 564 | 456 312 | 472 461 | 479 300 | 488 684 | 495 137 | 6 453 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 340 846 | 350 886 | 364 066 | 373 745 | 380 902 | 387 127 | 6 225 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 308 599 | 317 620 | 329 579 | 338 646 | 342 988 | 352 360 | 9 371 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Av dette | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommune i alt | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 406 789 | 411 396 | 426 152 | 433 600 | 441 899 | 447 863 | 5 964 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 303 371 | 312 249 | 324 611 | 334 178 | 340 287 | 345 881 | 5 593 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 273 616 | 281 527 | 292 706 | 301 735 | 305 348 | 313 749 | 8 401 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fylkeskommune i alt | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 43 775 | 44 916 | 46 309 | 45 700 | 46 785 | 47 274 | 489 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 37 475 | 38 637 | 39 456 | 39 567 | 40 615 | 41 247 | 632 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 34 983 | 36 093 | 36 873 | 36 910 | 37 640 | 38 611 | 971 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Oslo er inkludert i fylkeskommunane berre for videregåande opplæring. |
Årsverk i helse- og sosialtenestene utgjer over 42 prosent av årsverka totalt i tenestene kommunane utfører. Størst av desse er pleie- og omsorgstenestene. Barnehagane har òg vore i vekst over fleire år, men veksten er betydeleg lågare i 2010 enn tidlegare år. Det heng saman med at ein har nådd målet om full barnehagedekning.
Vekst i pleie- og omsorgstenestene
På visse tenesteområde kjøper ein del kommunar tenester frå private eller organiserer verksemda si i kommunale selskap. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala som er presenterte over.
Når ein tek med tenestene i desse selskapa, syner dei førebelse tala for avtalte årsverk i pleie og omsorg ein auke på 2,7 prosent, tilsvarande nær 3 300 årsverk, frå 4. kvartal 2009 til 4. kvartal 2010.
Dersom ein ser på dei ulike gruppene av personell, er det årsverk utførte av personar med helse- eller sosialfagleg utdanning som aukar mest frå 2009 til 2010. 69 prosent av årsverka var utførte av personar med ei slik utdanning, medan 26 prosent av pleiepersonellet ikkje var registrert med ei slik utdanning.
Dei private tenestene utgjorde 6,7 prosent av dei avtalte årsverka i 2010, når ein tel pleie- og omsorgstenestene samla, mot 6,5 prosent i 2009.
Auke i sysselsetjinga i fylkeskommunane
Over 47 000 var sysselsette i fylkeskommunane per 4. kvartal 2010, tilsvarande 41 200 avtalte årsverk. Samanlikna med tal for 2009 utgjer dette ein auke på 1,6 prosent, eller 630 avtalte årsverk.
Fordelinga i talet på årsverk mellom områda som fylkeskommunen har ansvar for, har vore nær uendra sidan 2005. Som tidlegare år er det vidaregåande opplæring som står for 82 prosent av dei avtalte årsverka.
Om talgrunnlagetVi gir tal både for fylke og kommune. Oslo kommune har ei særstilling sidan han både har kommunale og fylkeskommunale oppgåver. I presentasjonen av tala for fylkeskommunane er Oslo berre med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Tenestene som Oslo kommune elles er ansvarleg for er berre med i tal for kommunane. Tala som omtalast i artikkelen, og dei tilhøyrande tabellane, gjeld kommunal forvaltning og omfattar ikkje verksemda i sjølvstendige kommuneføretak (KF, FKF) og interkommunale selskap (IKS). I KOSTRA er tal for årsverk i slike verksemder rekna med når ein lagar tal for kommune/fylkeskommunen som konsern. Desse tala er presenterte i eigne faktaark i KOSTRA . Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som slike sjølvstendige føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for fylkeskommunane som konsern. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som KOSTRA.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Sysselsette i kommunal sektor, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42