Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
8 000 fleire sysselsette i kommunane
Førebelse tal for sysselsette i kommunal forvaltning i 4. kvartal 2011 syner ein vekst på 1,6 prosent, svarande til nær 8 000 personar, samanlikna med året før.
Av dei nær 507 000 sysselsette i kommunal forvaltning, var 459 000 sysselsette i kommunane og 48 000 i fylkeskommunane i 4. kvartal 2011.
I alt i kommune og fylkeskommune | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 |
Endring
2010-2011 |
Prosentvis
endring 2010-2011 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sysselsette | 450 564 | 456 312 | 472 461 | 479 300 | 488 684 | 498 636 | 506 632 | 7 996 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 340 846 | 350 886 | 364 066 | 373 745 | 380 902 | 387 481 | 394 337 | 6 856 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 308 599 | 317 620 | 329 579 | 338 646 | 342 988 | 350 686 | 359 776 | 9 090 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommune i alt | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 406 789 | 411 396 | 426 152 | 433 600 | 441 899 | 451 227 | 458 692 | 7 465 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 303 371 | 312 249 | 324 611 | 334 178 | 340 287 | 346 439 | 352 643 | 6 204 | 1,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 273 616 | 281 527 | 292 706 | 301 735 | 305 348 | 312 404 | 320 785 | 8 381 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fylkeskommune i alt | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 43 775 | 44 916 | 46 309 | 45 700 | 46 785 | 47 409 | 47 940 | 531 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 37 475 | 38 637 | 39 456 | 39 567 | 40 615 | 41 042 | 41 694 | 652 | 1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 34 983 | 36 093 | 36 873 | 36 910 | 37 640 | 38 283 | 38 991 | 709 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Oslo er inkludert i fylkeskommunane berre for videregåande opplæring og tannhelseteneste. |
2 | Tala for 2011 er førebelse. |
7 500 fleire sysselsette i kommunane i 2011
I 2011 auka talet på sysselsette i kommunane med nær 7 500 samanlikna med 4. kvartal 2010. Sidan mange arbeider deltid innanfor dei kommunale tenestene, svarar 459 000 sysselsette personar til nær 353 000 årsverk. Frå 2010 til 2011 var det ein auke på 6 200 årsverk. Helse- og sosialtenestene stod for 63 prosent av veksten.
Pleie og omsorg veks
Når ein tek med tenester kjøpt frå anten private tenesteytarar eller frå interkommunal verksemd i pleie- og omsorgstenestene, syner tala at dei avtalte årsverka auka med 2,3 prosent frå 4. kvartal 2010 til 4. kvartal 2011. Det svarar til nær 2 900 årsverk.
Dei private tenestene utgjorde 6,5 prosent av årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene, ein svak nedgang samanlikna med tidlegare år.
Stabil sysselsetjing i fylkeskommunane
I 4. kvartal 2011 var det over 47 900 sysselsette i fylkeskommunane, tilsvarande 41 700 avtalte årsverk. Det er ein auke på 1,6 prosent samanlikna med 2010, eller i overkant av 650 avtalte årsverk. Vidaregåande opplæring utgjer over 81 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane, medan tannhelsetenesta utgjer nær 7 prosent.
Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak. Av tannhelsetenesta sine 3 300 avtalte årsverk vart 13,4 prosent utførte i interkommunale selskap eller fylkeskommunale føretak i 2011. Det er ein nedgang på 5,6 prosentpoeng samanlikna med situasjonen i 2010.
Om talgrunnlaget Oslo har ei rolle både som kommune og fylke. I denne publiseringa er Oslo inkludert innanfor vidaregåande opplæring og tannhelseteneste i tala for fylkeskommune. For dei andre tenestene er Oslo med i kommunetala. I eitt par fylke er organiseringa av tannhelsetenesta endra siste året slik at delen av tenestene som tidlegare berre har vore inkludert i tala for fylkeskommunekonsern no er innlemma i fylkeskommunane. Dette gjev ein auke i tala for fylkeskommunane som ikkje er reell. Tala for konsern finn ein i faktaark for konsern i KOSTRA. |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som KOSTRA.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Sysselsette i kommunal sektor, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42