53789_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar
53789
Fleire tilsette i kommunane
statistikk
2011-06-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2010, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire tilsette i kommunane

Det var nærare 499 000 tilsette i norske kommunar og fylkeskommunar i 4. kvartal 2010. Samanlikna med 2009 er dette ein auke på 2 prosent , eller nær 10 000 personar.

Sysselsette, avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråverer i kommunane og fylkeskommunane1. 4.kvartal 2005-2010
I alt i kommune og fylkeskommune 2005 2006 2007 2008 2009 2010 Endring
2009-2010
Prosentvis endring
2009-2010
Sysselsette  450 564     456 312      472 461      479 300      488 684      498 636     9 952 2,0
Avtalte årsverk  340 846  350 886  364 066  373 745  380 902  387 481 6 579 1,7
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver  308 599  317 620  329 579  338 646  342 988  350 686 7 698 2,2
Herav                
Kommune i alt                
Sysselsette  406 789  411 396  426 152  433 600  441 899  451 227 9 328 2,1
Avtalte årsverk  303 371  312 249  324 611  334 178  340 287  346 439 6 151 1,8
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver  273 616  281 527  292 706  301 735  305 348  312 404 7 056 2,3
                 
Fylkeskommune i alt                
Sysselsette 43 775 44 916 46 309 45 700 46 785 47 409  624 1,3
Avtalte årsverk 37 475 38 637 39 456 39 567 40 615 41 042  428 1,0
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver 34 983 36 093 36 873 36 910 37 640 38 283  643 1,7
1  Oslo er inkludert i fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring.

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2010. Prosent

Samla sett utgjer dette 387 500 årsverk, men om ein trekkjer frå legemeldte sjukefråverer og permisjonar vart det utført 350 700 årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Ni av ti av desse årsverka blei utførte i kommunane.

Dei kommunale helse- og sosialtenestene sysselset over 42 prosent av alle sysselsette i kommunane, og utgjer 145 700 årsverk. Denne sektoren hadde ein auke i avtalte årsverk på 2,1 prosent frå 2009, det vil seie nær 3 000 årsverk.

Av dei områda kommunane har ansvar for, har barnehagane hatt størst prosentvis auke i avtalte årsverk samanlikna med 2009, heile 3,2 prosent, eller nær 1 300 avtalte årsverk.

9 300 årsverk i interkommunale selskap

Avtalte årsverk i interkommunale selskap, etter område. 2010. Prosent

På visse tenesteområde organiserer kommunane verksemda si i interkommunale selskap. Årsverk knytt til desse er ikkje med i tala som er presentert over. I 2010 blei om lag 9 300 årsverk utført i slike interkommunale verksemder. Desse selskapa er mest vanlege innanfor områda administrasjon, vatn, avløp og renovasjon, samt brann- og ulykkesvern.

Fleire årsverk i pleie og omsorg

Når ein tek med tenester kjøpt frå anten private tenesteytarar eller frå interkommunal verksemd i pleie og omsorgstenestene, syner tala at dei avtalte årsverka auka med 2,2 prosent frå 4. kvartal 2009 til 4. kvartal 2010 - tilsvarande meir enn 2 700 årsverk.

Meir enn to tredelar av årsverka i pleie og omsorg vart utført av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Dei private tenestene utgjorde 6,7 prosent av årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene, ein svak auke samanlikna med tidlegare år.

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. 2010. Prosent

Stabil sysselsetting i fylkeskommunane

I 4. kvartal 2010 var det over 47 400 sysselsette i fylkeskommunane, tilsvarande 41 000 avtalte årsverk. Dette er ein auke på 1 prosent samanlikna med 2009, eller i overkant av 400 avtalte årsverk. Vidaregåande opplæring utgjer 82 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane, medan tannhelsetenesta utgjer vel 6 prosent.

Innanfor fylkeskommunane sitt ansvarsområde er tannhelsetenesta i einskilde fylke organisert i interkommunale selskap. Av dei 3 200 avtalte årsverka til tannhelsetenesta vart 19 prosent utført i interkommunale verksemder.

Om talgrunnlaget

I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala.

Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern. Tala for konsern finn ein i faktaark for konsern i KOSTRA.

Tabeller: