Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i sysselsettinga i kommunane og fylka
Talet på sysselsette personar i kommunane og fylka viste ein auke på 0,5 prosent frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012 når ein held sysselsette i Oslo kommune utanfor. Målt i avtalte årsverk var det ein auke på 1,2 prosent.
2011 | 2012 | Endring2011-2012 | Prosentvis endring 2011-2012 | |
---|---|---|---|---|
Kommunar | ||||
Sysselsette | 417 671 | 420 171 | 2 500 | 0,6 |
Avtalte årsverk | 319 118,1 | 323 134,7 | 4 016,6 | 1,3 |
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 288 921,8 | 291 620,6 | 2 698,8 | 0,9 |
Fylkeskommunar | ||||
Sysselsette | 45 485 | 45 350 | -135 | -0,3 |
Avtalte årsverk | 39 291,9 | 39 623,5 | 331,6 | 0,8 |
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere | 36 649,4 | 36 822,3 | 172,9 | 0,5 |
Oslo kommune har frå andre halvår 2012 ikkje sendt melding om tilgang og avgang av tilsette til Aa-registeret i NAV, som er det viktigaste grunnlagsregisteret for statistikken. Det gjer at talet på tilsette i 4. kvartal 2012 er anslått til å liggje frå 2 500 til 3 500 for lågt.
I tillegg til dei ordinære tabellane for heile landet er det difor laga eit eige sett med tabellar der tal for heile landet eksklusive Oslo vert presenterte. Når data frå Oslo kjem på plass i Aa-registeret, vert tabellane laga på nytt. Dette vil truleg skje til hausten.
Tala i artikkelen nedanfor gjeld for heile landet utan Oslo kommune.
4 300 fleire årsverk i kommuneforvaltninga
Når ein ser på heile landet utan Oslo kommune, var det ein auke på 2 400 sysselsette, svarande til 0,5 prosent, frå 2011 til 2012. Talet på årsverk viste ein auke på 4 300 avtalte årsverk, eller 1,2 prosent, i same perioden.
2 400 fleire årsverk i pleie og omsorg
Når ein tek med pleie- og omsorgstenester som kommunane kjøpte frå andre, auka dei avtalte årsverka for pleie og omsorg med 2 prosent frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012 – svarande til nær 2 400 avtalte årsverk.
Dei private tenestene utgjorde 5 prosent av årsverka når ein tel pleie- og omsorgstenestene samla.
71 prosent av årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Talet på årsverk i serviceyrke og administrasjon innanfor pleie- og omsorgstenestene har halde seg stabilt i fleire år.
Stabil situasjon i fylkeskommunane
Talet på avtalte årsverk i fylka viste ein liten auke på 0,8 prosent frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012. Talet på sysselsette synte ein nedgang på 140 sysselsette i same perioden. Dette utgjer ein nedgang på 0,3 prosent.
Vidaregåande opplæring svarar for 81 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane. Talet på avtalte årsverk i vidaregåande opplæring auka med 0,6 prosent siste år.
Statistikken blir no publisert som KOSTRA.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42