Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sysselsetjinga i kommunal sektor aukar
Talet på sysselsette i kommunane auka med 4,0 prosent frå 4. kvartal 2006 til 4. kvartal 2007. Dei førebelse tala syner at om lag 428 000 personar hadde sitt arbeid i kommunane. Fylkeskommunane sysselsette nær 45 700, ein auke på 1,6 prosent i same periode.
2006 | 2007 |
Endring
2006-2007 |
Prosentvis endring
2006-2007 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kommunar og fylkeskommunar i alt | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 456 312 | 473 606 | 17 294 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 350 886 | 364 826 | 13 939 | 4,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Korrigerte avtalte årsverk | 317 620 | 329 676 | 12 057 | 3,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommunar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 411 396 | 427 950 | 16 554 | 4,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 312 249 | 325 198 | 12 948 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Korrigerte avtale årsverk | 281 527 | 292 640 | 11 114 | 3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fylkeskommunar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 44 916 | 45 656 | 740 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 38 637 | 39 628 | 991 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Korrigerte avtalte årsverk | 36 093 | 37 036 | 943 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Oslo er berre inkludert i fylkeskommunane for vidaregåande opplæring. |
Målt i avtalt arbeidstid og rekna om til årsverk var veksten i kommunal sektor på 4,1 prosent eller nær 13 000 årsverk. Helse- og sosialtenester er området der flest kommunetilsette arbeider. 43,0 prosent av årsverka i kommunane i 4. kvartal 2007 er knytte til tenester innanfor helse- og sosialområdet, medan 28,0 prosent var knytte til grunnskulen.
Vekst i avtalte årsverk i pleie og omsorg
Dei førebelse tala for 2007 viser ein vekst i avtalte årsverk i pleie og omsorg (kommunal og privat sektor) på 2,9 prosent. Talet på årsverk er no 116 508. Det er i første rekkje årsverka til personar med helse- eller sosialfagleg utdanning som aukar.
Fylkeskommunane har flest årsverk i vidaregåande opplæring
Fylkeskommunane sysselsette nær 45 700 svarande til 39 600 årsverk. 83,0 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane er knytte til vidaregåande opplæring, medan 10,0 prosent er knytte til administrasjon. I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala. Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern.
Om statistikkgrunnlagetTala for 2006 er reviderte sidan siste publisering. Dette er nærare omtalt i eit eige notat . Meir informasjon om tala som blir publiserte i KOSTRA finn ein elles i fagleg rettleiing for KOSTRA . |
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som KOSTRA.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Sysselsette i kommunal sektor, Årleg.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42