Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sterkt aukande sysselsetjing i barnehagane
Sysselsetjinga i kommunal sektor auka med 3,6 prosent frå 2006 til 2007. Størst auke i avtalte årsverk finn ein i barnehagane, med ein vekst på over 11 prosent frå 2006.
Kommunane og fylkeskommunane sysselsette til saman 472 461 personar i 2007, svarande til 364 066 årsverk. Av dei sysselsette var 90 prosent tilsette i kommunane.
2005 | 2006 | 2007 |
Endring
2006-2007 |
Prosentvis
endring 2006-2007 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt i kommune og fylkeskommune | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 450 564 | 456 312 | 472 461 | 16 149 | 3,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 340 846 | 350 886 | 364 066 | 13 180 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær | 308 599 | 317 620 | 329 579 | 11 960 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kommune | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 406 789 | 411 396 | 426 152 | 14 756 | 3,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 303 371 | 312 249 | 324 611 | 12 361 | 4,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær | 273 616 | 281 527 | 292 706 | 11 180 | 4,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fylkeskommune | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sysselsette | 43 775 | 44 916 | 46 309 | 1 393 | 3,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk | 37 475 | 38 637 | 39 456 | 818 | 2,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvær | 34 983 | 36 093 | 36 873 | 780 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Oslo er berre inkludert i fylkeskommunane for videregåande opplæring. |
Helse- og sosialtenestene er framleis det største området innanfor kommunal sektor, med 42 prosent av dei avtalte årsverka. Grunnskulen har 27,3 prosent og barnehagane har 10,9 prosent av dei avtalte årsverka.
Barnehagane er òg det området etter helse- og sosialtenester der sysselsetjinga har auka mest i absolutte tal, med ein auke på vel 3 500 årsverk.
Auke i avtalte årsverk i pleie og omsorg
Auken i avtalte årsverk i pleie og omsorg i kommunal og privat sektor var på 4,4 prosent samanlikna med 2006. Talet på årsverk er no 118 208. Dersom ein ser på dei ulike gruppene av personell, er det i første rekkje årsverk utførte av personar med helse- eller sosialfagleg utdanning som aukar. Men det er òg vekst i avtalte årsverk utført av dei utan helseutdanning som arbeider innanfor området.
Fylkeskommunane har flest årsverk i vidaregåande opplæring
Fylkeskommunane sysselsette 46 309 personar, svarande til 39 456 årsverk. 83,4 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane er i tilknyting til vidaregåande opplæring, medan 9,9 prosent er i tilknyting til administrasjon. I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala. Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert som KOSTRA.
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42