23444_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/arkiv
23444
Fleire tilsette i kommunane
statistikk
2009-06-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2008, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire tilsette i kommunane

Talet på tilsette personar i kommunane auka med 1,7 prosent frå 4. kvartal 2007 til 4. kvartal 2008. Målt i avtalte årsverk var auken på 2,9 prosent.

Sysselsette, avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråver i kommunane og fylkeskommunane1. 4. kvartal 2005-2008
I alt i kommune og fylkeskommune 2005 2006 2007 2008 Endring 2007-2008 Prosentvis endring 2007-2008
Sysselsette  450 564  456 312  472 461  479 300 6 839 1,4
Avtalte årsverk  340 846  350 886  364 066  373 745 9 679 2,7
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver  308 599  317 620  329 579  338 646 9 066 2,8
herav            
Kommune i alt            
Sysselsette  406 789  411 396  426 152  433 600 7 448 1,7
Avtalte årsverk  303 371  312 249  324 611  334 178 9 567 2,9
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver  273 616  281 527  292 706  301 735 9 029 3,1
             
Fylkeskommune i alt            
Sysselsette 43 775 44 916 46 309 45 700 -609 -1,3
Avtalte årsverk 37 475 38 637 39 456 39 567  111 0,3
Avtalte årsverk eksklusive lange fråver 34 983 36 093 36 873 36 910 37 0,1
1  Oslo er berre inkludert i fylkeskommunane for vidaregåande opplæring.

I fylkeskommunane var det ein nedgang i talet på tilsette med 1,3 prosent, medan talet på avtalte årsverk synte ein auke på 0,3 prosent frå 4. kvartal 2007 til 4. kvartal 2008. Både for kommunane og fylkeskommunane var auken det siste året lågare enn for dei to førre åra.

Mange tilsette på deltid

Samla var det nær 434 000 tilsette personar i kommunane i 4. kvartal 2008. Sidan mange arbeider deltid, svarte dette til drygt 334 000 avtalte årsverk. I fylkeskommunane var det snautt 46 000 tilsette personar og i underkant av 40 000 avtalte årsverk. Frå 2007 til 2008 auka den gjennomsnittlege avtalte arbeidstida noko slik at årsverka auka meir enn talet på tilsette personar.

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2008. Prosent

8,6 prosent fleire avtalte årsverk i barnehagane

For kommunane var det i barnehagesektoren den prosentvise auken i avtalte årsverk var høgast. I helse- og sosialsektoren var auken på 2,5 prosent.

Tre tusen fleire årsverk i pleie og omsorg

På visse tenesteområde kjøper ein del kommunar tenester frå private, eller organiserer verksemda si i interkommunale selskap. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala over.

Når ein tek med tenester kjøpt frå andre, syner tala at dei avtalte årsverka for pleie og omsorg auka med 2,6 prosent frå 4. kvartal 2007 til 4. kvartal 2008 - svarande til 3 020 årsverk. Meir enn to tredelar av årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Talet på årsverk i serviceyrke og administrasjon innanfor pleie og omsorgstenestene har halde seg stabilt gjennom fleire år. Dei private tenestene utgjorde 5,6 prosent av årsverka når ein tel pleie og omsorgstenestene samla. Delen private tenester har vore nær uendra sidan 2005. Privat drivne institusjonar og heimesjukepleie reknar ein er godt dekt i statistikken. For privat heimehjelp er det ei viss underdekning.

I KOSTRA finn ein forutan tal for kommunalt tilsette også tal for verksemder organiserte som interkommunale verksemder. Vidare finn ein tal som inkluderer avtalte årsverk i privat verksemd for einskilde område, som pleie og omsorg, barnehagar og tannhelseteneste.

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. 2008. Prosent

Stabil situasjon i fylkeskommunane

Vidaregåande opplæring svarar for over 83 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane. Talet på avtalte årsverk i vidaregåande opplæring endra seg berre med 0,3 prosent siste år. Ein nedgang på 3,7 prosent i avtalte årsverk innanfor tannhelse kan skrive seg frå ein auke i kjøp av tenester frå private.

Særskild om Oslo

Sidan Oslo kommune har både kommunale og fylkeskommunale oppgåver, er kommunen berre rekna inn under vidaregåande opplæring i tala for fylkeskommunane. Oslo kommunes verksemd er elles berre med i tala for kommune.

Tabeller: