23454_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/arkiv
23454
490 000 sysselsette i kommunal sektor
statistikk
2010-06-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2009, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

490 000 sysselsette i kommunal sektor

Nærare 490 000 personar var sysselsette i kommunane og fylkeskommunane i 4. kvartal 2009. Samanlikna med 2008 er dette ein auke på 2 prosent, eller om lag 9 400 personar.

Sysselsette, avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråvære i kommunane og fylkeskommunane1. 4.kvartal 2005-2009
I alt i kommune og fylkeskommune 2005 2006 2007 2008 2009 Endring
2008-2009
Prosentvis endring
2008-2009
Sysselsette        450 564         456 312         472 461         479 300         488 684 9 384 2,0
Avtalte årsverk  340 846  350 886  364 066  373 745  380 902 7 157 1,9
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvære  308 599  317 620  329 579  338 646  342 988 4 343 1,3
herav              
Kommune i alt              
Sysselsette  406 789  411 396  426 152  433 600  441 899 8 299 1,9
Avtalte årsverk  303 371  312 249  324 611  334 178  340 287 6 109 1,8
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvære  273 616  281 527  292 706  301 735  305 348 3 613 1,2
               
Fylkeskommune i alt              
Sysselsette 43 775 44 916 46 309 45 700 46 785 1 085 2,4
Avtalte årsverk 37 475 38 637 39 456 39 567 40 615 1 048 2,6
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvære 34 983 36 093 36 873 36 910 37 640  730 2,0
1  Oslo er inkludert i fylkeskommunane berre for videregåande opplæring.

Over 90 prosent, eller 442 000, av dei sysselsette arbeidde i kommunane. Fordi mange var tilsette på deltid, svarar dette til om lag 340 000 avtalte årsverk. Trekkjer ein frå fråvære på grunn av legemeldt sjukefråvære og foreldrepermisjonar, vert talet på årsverk i overkant av 305 000. Den samla veksten i avtalte årsverk i kommunane var 1,8 prosent frå 2008 til 2009.

Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2009

Avtalte årsverk i fylkeskommunane, etter område. 2009

Størst auke i barnehagane

Av områda kommunane har ansvar for, har barnehagane størst prosentvis auke i avtalte årsverk frå 2008, heile 4,2 prosent. Men det er framleis flest årsverk knytte til helse- og sosialtenester, som har 42 prosent av alle årsverka i kommunane. Denne sektoren hadde ein auke i avtalte årsverk på 1,6 prosent frå 2008.

Lågare vekst i pleie og omsorg

På visse tenesteområde kjøper ein del kommunar tenester frå private, eller organiserer verksemda si i interkommunale selskap. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala som er presenterte over.

Når ein tek med desse tenestene, syner tala for avtalte årsverk i pleie og omsorg ein auke på 1,9 prosent frå 4. kvartal 2008 til 4. kvartal 2009. Den årlege vekstraten for avtalte årsverk i pleie- og omsorgstenester har gått jamt nedover frå 2006 då veksten var 5,7 prosent.

Dersom ein ser på dei ulike gruppene av personell, er det årsverk utførte av personar med helse- eller sosialfagleg utdanning som aukar mest frå 2008 til 2009. Men det er òg ein viss vekst i avtalte årsverk utførte av dei utan helseutdanning som arbeider innanfor området.Dei private tenestene utgjorde i 2009 6,5 prosent av dei avtalte årsverka når ein tel pleie og omsorgstenestene samla, mot 5,6 prosent i 2008.

Flest fylkeskommunale i vidaregåande opplæring

Årsverka i vidaregåande opplæring utgjer nær 83 prosent av alle årsverka registrerte i fylkeskommunane. Samanlikna med 2008 syner tala for vidaregåande opplæring ein auke på over 600 årsverk. Største delen av denne auken kjem på grunn av betringar i rapporteringa for eitt fylke.

Fordelinga i talet på årsverk mellom områda som fylkeskommunen er ansvarleg for, har vore omtrent uendra sidan 2005.

Per 4. kvartal 2009 var over 46 800 sysselsette i fylkeskommunane, svarande til 40 600 avtalte årsverk. Dette utgjer ein auke frå 2008 på 2,6 prosent, eller om lag 1 050 avtalte årsverk.

Om talgrunnlaget

I tala for fylkeskommunane er Oslo med under tenester innanfor vidaregåande opplæring. Oslo er elles berre med i kommunetala.

Tannhelsetenesta i einskilde fylke er organisert som eigne føretak og er difor ikkje med i tala for fylkeskommunane, men desse føretaka er rekna med når ein lagar tal for kommunar og fylke som konsern. Tala for konsern finn ein i faktaark for konsern i KOSTRA.

Tabeller: