Innhald
Publisert:
Lønna opp 3,1 prosent i bank og forsikring
Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i bank og forsikring utgjorde 56 000 kroner per september 2014. Dette er ein auke på 1 700 kroner eller 3,1 prosent frå same tidspunkt i fjor.
Månadslønn | Avtalt månadslønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
2013 | 2014 | 2013 - 2014 | 2013 | 2014 | 2013 - 2014 | |
Finanstenester, i alt | 56 900 | 59 300 | 4,2 | 50 200 | 51 800 | 3,2 |
Bank- og forsikringsverksemd | 54 300 | 56 000 | 3,1 | 48 300 | 50 200 | 3,9 |
Anna finansiell tenesteyting | 64 600 | 70 000 | 8,4 | 55 900 | 57 000 | 2,0 |
Tilsette i verksemder som driv anna finansiell tenesteyting, hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 70 000 kroner per september 2014. Dette er ein auke på 5 400 kroner eller 8,4 prosent frå same tidspunkt i fjor.
Tal på tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk
Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 38 404 heiltidstilsette og 3 521 deltidstilsette. Ifylgje Verksemd - og føretaksregisteret har finanstenester til saman 45 000 tilsette per september 2014.
Meir om lønnsomgrepaÅpne og lesLukk
Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt månadslønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. Den avtalte månadslønna blir målt på tidspunktet 1. september, medan bonus, uregelmessige tillegg og overtid er målt som eit gjennomsnitt for heile året. Sjå meir informasjon under Tilleggsinformasjon.
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42