Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Årslønna auka med 6,1 prosent
Gjennomsnittleg årslønn for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 395 300 kroner, ein auke på 22 900 kroner, eller 6,1 prosent, frå 2001. Tilsette i bank- og forsikringsverksemd hadde 372 800 kroner i årslønn, medan tilsette i anna finansiell tenesteyting hadde 474 500 kroner.
Årslønna er estimert og blir rekna ut ved hjelp av informasjon frå minst to årgangar av lønnsstatistikken og bruk av kvartalsvise lønnsindeksar. Dei kvartalsvise lønnsindeksane blir nytta til å fordele lønnsveksten over året. Estimert årslønn måler gjennomsnittleg nivå på lønn for eit heilt kalenderår. Lønna omfattar månadsforteneste, overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med. Tala over årslønn for 2002 er førebelse og vil først vere endelege ved frigjeving av lønnsstatistikken 2003.
Heiltidstilsette i finanstenester1. Estimert årslønn2, etter næring.
Per 1. september 2001-2002. Kroner og endring i prosent |
Næring | årslønn | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2001 | 2002 | 2001-2002 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kroner | Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finanstenester i alt | 372 400 | 395 300 | 6,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bank- og forsikringsverksemd | 350 100 | 372 800 | 6,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Anna finansiell tenesteyting | 449 600 | 474 500 | 5,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | NOS Standard for næringsgruppering. |
2 | Førebelse tal |
Gjennomsnittleg månadslønn
Gjennomsnittleg månadsforteneste er hovudomgrepet i lønnsstatistikken. Månadsforteneste omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, provisjon og liknande. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i månadsfortenesta. Veksten i månadsfortenesta avvik noko frå veksten i årslønna. Månadsfortenesta blir samanlikna på eit valt tidspunkt kvart år, medan samanlikning av årslønn måler endringane mellom kalenderår. Veksten i gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette i finanstenester var på 5,8 prosent, eller 1 800 kroner, frå same tidspunkt i fjor.
6,8 prosent vekst i bank- og forsikringsverksemd
Gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemd utgjorde 31 500 kroner. Dette er 2 000 kroner, eller 6,8 prosent, meir enn på same tidspunkt året før.
Høgskuleyrke er den største yrkesgruppa i bank- og forsikringsverksemd, med nesten halvparten av alle heiltidstilsette. Yrkesgruppa omfattar blant anna kundekonsulentar og sakshandsamarar med ei månadsforteneste på 26 700 kroner. Dette tilsvarte ein auke på 2 000 kroner, eller 8,3 prosent. Til samanlikning hadde heiltidstilsette i akademiske yrke, som mellom anna omfattar seniorkonsulentar, juristar og rådgjevarar, ei månadsforteneste på 34 600 kroner. Dette var ein auke på 1 800 kroner, eller 5,6 prosent. I leiaryrka var gjennomsnittleg månadsforteneste 46 600 kroner, ein auke på 4 600 kroner, eller 11 prosent. For heiltidstilsette i kontoryrke var månadsfortenesta 22 900 kroner, ein auke på 1 300 kroner, eller 6 prosent.
3,4 prosent vekst i anna finansiell tenesteyting
Næringa anna finansiell tenesteyting omfattar mellom anna fonds- og aksjemekling, kredittgjeving, finansiell leasing og verdipapirforvaltning.
Gjennomsnittleg månadsforteneste for heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting var 39 500 kroner. Dette er 3,4 prosent, eller 1 300 kroner, meir enn på same tidspunkt året før.
Dei største yrkesgruppene i næringa er kontoryrke og høgskuleyrke. Til saman omfattar desse gruppene om lag halvparten av heiltidstilsette i næringa. Veksten i gjennomsnittleg månadsforteneste for kontoryrke var 6,9 prosent, medan veksten i månadsfortenesta for tilsette i høgskuleyrke var på 1,1 prosent frå 1. september 2001. Til samanlikning var veksten for akademiske yrke på 3,8 prosent og for leiaryrke på 1,8 prosent.
Heiltidstilsette i finanstenester1. Gjennomsnittleg månadsforteneste,
etter næring. Per 1. september 2001-2002. Kroner og endring i prosent |
Næring | Månadsforteneste i alt | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
20012 | 2002 | 20012-2002 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finanstenester i alt | 31 500 | 33 300 | 5,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bank- og forsikringsverksemd | 29 500 | 31 500 | 6,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Anna finansiell tenesteyting | 38 200 | 39 500 | 3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | NOS Standard for næringsgruppering. |
2 | Tala er korrigerte i forhold til tidlegare publisering. |
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i næringa finanstenester med til saman 35 626 heiltidstilsette og 6 083 deltidstilsette. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen for 3. kvartal 2002, er finanstenester ei næring som omfattar 48 700 sysselsette lønnstakarar.
Tabeller:
- Tabell 1 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter næring. Per 1. september 2002. Kroner
- Tabell 2 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og yrkesgruppe. Per 1. september 2002. Kroner
- Tabell 3 Heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemd. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter yrkesgruppe. Per 1. september 2002. Kroner
- Tabell 4 Heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter yrkesgruppe. Per 1. september 2002. Kroner
- Tabell 5 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter alder per 1. september 2002. Kroner
- Tabell 6 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter utdanningsnivå. Per 1. september 2002. Kroner
- Tabell 7 Deltidstilsette i finanstenester, etter kjønn og næring. Per 1. september 2002
- Tabell 8 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter næring. Per 1. september 2001. Kroner
- Tabell 9 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og yrkesgruppe. Per 1. september 2001. Kroner
- Tabell 10 Heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemd. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter yrkesgruppe. Per 1. september 2001. Kroner
- Tabell 11 Heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter yrkesgruppe. Per 1. september 2001. Kroner
- Tabell 12 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter alder per 1. september 2001. Kroner
- Tabell 13 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter utdanningsnivå. Per 1. september 2001. Kroner
- Tabell 14 Deltidstilsette i finanstenester, etter kjønn og næring. Per 1. september 2001
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42