Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lågare lønnsvekst i finanstenester
Heiltidstilsette i finanstenester hadde ei gjennomsnittleg årslønn på 408 600 kroner i 2003. Det er ein auke på 17 300 kroner eller 4,4 prosent samanlikna med 2002. Auken i årslønna frå 2001 til 2002 utgjorde til samanlikning 5,2 prosent.
Tilsette i bank- og forsikringsverksemd har ei estimert gjennomsnittleg årslønn på 386 800 kroner i år. Dette tilsvarer ein auke på 17 000 kroner, eller 4,6 prosent samanlikna med i fjor. I anna finansiell tenesteyting utgjorde årslønn 484 400 kroner, ein auke på 17 500 kroner eller 3,7 prosent.
Årslønna er estimert og blir rekna ut ved hjelp av informasjon frå minst to årgangar av lønnsstatistikken og opplysningar frå lønnsoppgjeret. Årslønna måler gjennomsnittleg nivå på lønn for eit heilt kalenderår. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i årslønnsberekningane. Tala for årslønn for 2001 og 2002 er endelege, medan tala for 2003 er førebelse til lønnsstatistikken for 2004 vert frigjeve.
Heiltidstilsette i finanstenester1. Estimert årslønn, etter næring
per 1. september. 2001-2003. Kroner og endring i prosent |
Næring | Estimert årslønn | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2001 | 2002 | 20032 | 2001-2002 | 2002-2003 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kroner | Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finanstenester i alt | 372 000 | 391 300 | 408 600 | 5,2 | 4,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bank- og forsikringsverksemd | 349 600 | 369 800 | 386 800 | 5,8 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Anna finansiell tenesteyting | 449 300 | 466 900 | 484 400 | 3,9 | 3,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | NOS Standard for næringsgruppering. |
2 | Førebelse tal. |
Månadslønna auka med 2,9 prosent
Månadslønna for alle heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 34 300 kroner per september 2003, ein auke på 1 000 kroner eller 2,9 prosent frå same tidspunkt i 2002. I bank- og forsikringsverksemd utgjorde månadslønna 32 500 kroner som også tilsvarte ein auke på 1 000 kroner eller 3 prosent frå 2002. Tilsvarande tal for anna finansiell tenesteyting utgjorde 40 500 kroner, ein auke på 1 000 kroner eller 2,7 prosent.
Heiltidstilsette i finanstenester1. Gjennomsnittleg månadsforteneste,
etter næring per 1. september. 2001-2003. Kroner og endring i prosent |
Næring | Månadsforteneste i alt | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2001 | 2002 | 2003 | 2001-2002 | 2002-2003 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kroner | Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finanstenester i alt | 31 500 | 33 300 | 34 300 | 5,8 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bank- og forsikringsverksemd | 29 500 | 31 500 | 32 500 | 6,8 | 3,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Anna finansiell tenesteyting | 38 200 | 39 500 | 40 500 | 3,4 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | NOS Standard for næringsgruppering. |
Utdanningsnivå og lønnsskilnader
Av heiltidstilsette i finanstenester er det flest tilsette med fullført utdanning på vidaregåande skulenivå. Det er nokre fleire kvinner enn menn med slik utdanning, medan menn dominerer med høgare utdanning. Om ein samanliknar lønna etter likt utdanningsnivå, ser ein at menn i gjennomsnitt har høgare lønn. Sjølv om mykje av dette kan forklarast med meir bonus og tillegg for menn samanlikna med kva kvinner har utbetalt, er og fastlønna høgare for menn enn kvinner. Dei same skilnadane mellom kjønna finn ein i tabellen over aldersgrupper.
På den andre sida har kvinner med utdanning utover fire år hatt større auke i månadslønna enn menn frå 2002 til 2003. Kvinner auka månadslønna frå 39 400 til 41 000 kroner eller med 4,1 prosent, medan menn hadde ein auke i månadslønna frå 50 400 til 51 000 kroner, eller med 1,3 prosent.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 35 652 heiltidstilsette.
Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen for 2. kvartal 2003, er finanstenester eit næringshovudområde med til saman 47 500 sysselsette lønnstakarar.
Gjennomsnittleg månadsforteneste, eller månadslønn, er hovudomgrepet i lønnsstatistikken. Månadsfortenesta omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, provisjon og liknande. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i månadsfortenesta. Månadsfortenesta blir samanlikna på eit valt tidspunkt kvart år, medan samanlikning av årslønn måler endringane mellom kalenderår. Auka i månadsfortenesta avvik derfor noko frå auka i årslønna.
Ved innhenting av opplysningar om yrke har det i 2003 vore ei større omlegging til bruk av Standard for yrkesklassifisering for heile finansnæringa. Denne omlegginga har medført at tidlegare tabellar som omhandlar yrke ikkje blir omfatta av statistikken i denne omgangen.
Tabeller:
- Tabell 1 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter næring per 1. september 2003. Kroner
- Tabell 2 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og aldersgruppe per 1. september 2003. Kroner
- Tabell 3 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og utdanningsnivå per 1. september 2003. Kroner
- Tabell 4 Heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemd. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og utdanningsnivå per 1. september 2003. Kroner
- Tabell 5 Heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og utdanningsnivå per 1. september 2003. Kroner
- Tabell 6 Heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemd. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og utdanningsnivå per 1. september 2002. Kroner
- Tabell 7 Heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting. Gjennomsnittleg månadsforteneste, etter kjønn og utdanningsnivå per 1. september 2002. Kroner
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42