1354_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
1354
Vekst i bonusutbetalingane
statistikk
2005-12-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnfinans, Lønn for tilsette i finanstenester, bank, forsikring, finansiell tenesteytingLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2005

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i bonusutbetalingane

Gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 38 700 kroner per september 2005 - ein auke på 3 000 kroner eller 8,4 prosent frå same tidspunkt i 2004. Ein stor del av auken kjem av høge bonusutbetalingar. Gjennomsnittleg utbetaling av bonusar per månad utgjorde 3 100 kroner, eller meir enn ei dobling av tilsvarande utbetalingar i 2004.

Utviklinga i avtalt lønn var meir moderat. Heiltidstilsette i finanstenester hadde ei gjennomsnittleg avtalt månadslønn på 35 200 kroner, ein auke på 1 300 kroner eller 3,9 prosent frå same tidspunkt året før.

Kvinner og menn

Skilnaden mellom månadslønna til menn og kvinner har auka jamvel om kvinner hadde ein prosentvis større vekst i avtalt månadslønn. I 2005 tente kvinner 71,9 prosent av det menn tente, mot 73,3 prosent i 2004. Hovudårsaka til dette er at menn hadde ein auke i bonus per månad på nær 2 300 kroner, medan bonus for kvinner auka med 800 kroner per månad.

Bank- og forsikringsverksemd

For heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemd auka månadslønna frå 34 100 kroner i september 2004 til 36 500 kroner året etter. Dette gav ein vekst i månadslønna på om lag 2 400 kroner eller 7,2 prosent. Auken fordelte seg likt mellom bonus og avtalt lønn, med om lag 1 200 kroner på kvar.

I høgskuleyrka, som omfattar mellom anna bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar, var månadslønna på om lag 32 100 kroner. Dette gav ein auke på vel 2 100 kroner eller 7,1 prosent. I denne gruppa auka bonusutbetalingar frå 1 000 kroner per månad i 2004 til nær 2 100 per månad i 2005. Samstundes auka avtalt lønn med 1 000 kroner eller 3,4 prosent. Leiarar hadde ein bonus på vel 4 100 kroner per månad, ein auke på 1 700 kroner frå året før. Dette gjorde sitt til at månadslønna for leiarane gjekk frå 50 500 kroner i 2004 til om lag 54 100 kroner i 2005, ein auke på 3 500 kroner eller 7 prosent.

Anna finansiell tenesteyting

Anna finansiell tenesteyting omfattar mellom anna fonds- og aksjemekling og finansierings- og kredittføretak. Månadslønna i denne næringa auka frå 41 700 kroner i september 2004 til 46 800 kroner året etter. Ein stor del av denne auken på vel 5 000 kroner, eller 12,1 prosent, kjem av auke i bonusane med om lag 3 300 kroner per månad samanlikna med året før.

Høgskuleyrka i næringa omfattar yrke som aksjemeklarar, porteføljeforvaltarar og konsulentar med ei månadslønn på vel 42 100 kroner. Av dette utgjorde bonusar 5 900 kroner, ein gjennomsnittleg auke per månad på 16,2 prosent i høve til 2004. Til samanlikning hadde tilsette i leiaryrke ei månadslønn på 67 500 kroner og ein bonus på nærare 7 800 kroner. Auken frå september 2004 til september 2005 var på 7 900 kroner, eller 13,3 prosent i månadslønn og 4 200 kroner i bonus.

Årslønna auka med 8,2 prosent

Heiltidstilsette i finanstenester hadde ei utrekna gjennomsnittleg årslønn på 458 600 kroner i 2005. Dette var ein auke på 34 800 kroner eller 8,2 prosent frå 2004. På grunn av høge bonusar i 4. kvartal 2004, vart dei endelege tala for 2004 justert opp frå 421 800 til 423 800 kroner.

I bank- og forsikringsverksemd var årslønna på 433 100 kroner i 2005, ein auke på 30 700 kroner eller 7,6 prosent frå 2004. Til samanlikning gjekk årslønna i anna finansiell tenesteyting opp med 10 prosent, frå 506 100 til 556 500 kroner.

Årslønna er estimert, og blir utrekna ved hjelp av informasjon frå minst to årgangar av lønnsstatistikken og opplysningar frå lønnsoppgjeret. Årslønna måler gjennomsnittleg nivå på lønn for eit heilt kalenderår. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i årslønna. Tala for årslønn 2005 er førebelse til lønnsstatistikken for 2006 vert frigjeven.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 34 063 heiltidstilsette og 5 489 deltidstilsette. Etter førebelse tal frå nasjonalrekneskapen for 2. kvartal 2005, er finanstenester eit næringshovudområde med til saman 47 000 sysselsette lønnstakarar.

Gjennomsnittleg månadsforteneste, eller månadslønn, er hovudomgrepet i lønnsstatistikken. Månadsfortenesta omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonusar, provisjon og liknande. Overtidsgodtgjersle er ikkje rekna med i månadsfortenesta. Månadsfortenesta blir samanlikna på eit valt tidspunkt kvart år, medan samanlikning av årslønn måler endringane mellom kalenderår. Auken i månadsfortenesta avvik derfor som regel noko frå auken i årslønna.

Tabeller: