Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
7,2 prosent vekst i månadslønna
Gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 41 400 kroner per september 2006, ein auke på 2 800 kroner, eller 7,2 prosent, frå same tidspunkt året før. Vel halvparten av auken kjem av vekst i bonusutbetalingane.
Bonusutbetalingane til tilsette i finanstenester auka i snitt med om lag 1 500 kroner per månad i 2006, samanlikna med tilsvarande utbetalingar i 2005. Bonus utgjer no vel 11 prosent av gjennomsnittleg månadslønn i finanstenester. Gjennomsnittleg avtalt månadslønn for heiltidstilsette har i same periode auka med 3,8 prosent, frå 35 200 kroner i 2005 til 36 600 kroner på same tidspunkt i 2006.
Heiltidstilsette i finanstenester1. Gjennomsnittleg månadslønn,
etter næring per 1. september 2004-2006. Kroner2 og endring i prosent |
Næring | Månadslønn i alt | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2004 | 2005 | 2006 | 2004-2005 | 2005-2006 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kroner | Prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finanstenester i alt | 35 700 | 38 700 | 41 400 | 8,4 | 7,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bank- og forsikringsverksemd | 34 100 | 36 500 | 38 700 | 7,2 | 5,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Anna finansiell tenesteyting | 41 700 | 46 800 | 51 900 | 12,1 | 11,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for næringsgruppering. |
2 | Tala er avrunda. |
Bank- og forsikringsverksemd
I september 2006 var gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i bank og forsikring 38 700 kroner, ein auke på 2 100 kroner eller 5,8 prosent frå same tidspunkt i 2005. Bonusutbetalingane auka i snitt med 800 kroner og avtalt lønn med 1 300 kroner. Med andre ord er det avtalt lønn som bidreg mest til auken i månadslønna for tilsette i bank og forsikring.
To tredjedelar av tilsette i bank og forsikring har yrke på høgskulenivå. Denne gruppa omfattar blant anna bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar med ei gjennomsnittleg månadslønn på 33 800 kroner. Dette er ein auke på 5,5 prosent eller 1 700 kroner frå september 2005.
Akademiske yrke omfattar blant anna advokatar, rådgjevarar, systemutviklarar og seniorkonsulentar. For denne gruppa auka gjennomsnittleg månadslønn med rundt 2 900 kroner, eller 7 prosent, til 44 500 kroner.
Leiarane i bank og forsikring hadde ei gjennomsnittleg månadslønn på 57 500 kroner, ein auke på 3 400 kroner eller 6,3 prosent frå same tidspunkt i 2005. 1 300 kroner av denne veksten kjem av høgare bonusutbetalingar.
Anna finansiell tenesteyting
For heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting auka gjennomsnittleg månadslønn med 5 100 kroner, eller 11 prosent, til 51 900 kroner. Nær 80 prosent av denne auken kjem av vekst i bonusutbetalingar.
Bonus utgjer i snitt 9 900 kroner av månadslønna.
Halvparten av dei tilsette i anna finansiell tenesteyting har yrke på høgskulenivå. Denne gruppa omfattar yrke som aksjemeklarar, porteføljeforvaltarar og konsulentar med ei gjennomsnittleg månadslønn på 47 000 kroner, ein auke 11,8 prosent. I snitt utgjorde bonusutbetalingar 10 000 kroner av månadslønna for denne gruppa.
Største vekst i gjennomsnittleg månadslønn hadde tilsette i akademiske yrke. Denne gruppa tente i snitt 57 000 kroner per september 2006, ein auke på 6 200 kroner eller 12,3 prosent samanlikna med 2005. Meir enn 80 prosent av veksten i månadslønn kjem av auke i bonusutbetalingar. I 2005 hadde tilsette i akademiske yrke om lag dei same bonusutbetalingane som leiarane, mens dei i 2006 har klart høgare bonus, med 13 200 kroner mot 11 600 for leiarane. Leiarane i denne delen av næringa har i snitt ei månadslønn på 73 600 kroner.
Kvinner og menn
I 2006 var gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette kvinner 33 400 kroner, medan menn i snitt tente 48 100 kroner. Med andre ord tente kvinner 69,4 prosent av det menn gjorde i 2006. Tilsvarande tal tilbake i 2004 var 73,3 prosent. Denne utviklinga kan i stor grad forklarast med veksten i bonusutbetalingar. Gjennomsnittleg bonusutbetaling for menn auka med 2 300 kroner frå 2005 til 2006, medan bonusutbetalingane til kvinner auka med 500 kroner.
Årslønna auka med 7,4 prosent
Heiltidstilsette i finanstenester har ei utrekna gjennomsnittleg årslønn på 492 000 kroner for 2006. Dette er ein vekst på 33 800 kroner eller 7,4 prosent samanlikna med 2005. I bank og forsikring er utrekna årslønn for 2006 på 458 300 kroner, ein auke på 5,8 prosent frå 2005. I anna finansiell tenesteyting er veksten sterkare, her aukar årslønna med 11,7 prosent til 619 200 kroner.
Årslønna er utrekna ved hjelp av informasjon frå minst to årgangar av lønnsstatistikken og opplysningar frå lønnsoppgjeret. Årslønna måler gjennomsnittleg nivå på lønn for eit heilt kalenderår. Overtidsgodtgjering blir ikkje teke med i utrekninga. Tala for årslønn 2006 er førebelse til lønnsstatistikken for 2007 er frigitt.
Om statistikkgrunnlaget
Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 35 286 heiltidstilsette og 5 192 deltidstilsette. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen for 2. kvartal 2006, har finanstenester til saman 48 700 sysselsette lønnstakarar.
I 2005 vart det innført nye definisjonar for fastsetjing av utdanningsnivå, jamfør presentasjon på Internett http://www.ssb.no/emner/04/01/utniv/ . I tabellane som følgjer er dei nye utdanningskodane brukte i tala for både 2005 og 2006, slik at det er mogleg å samanlikne dei to åra.
Gjennomsnittleg månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken. Månadslønna omfattar avtalt lønn, tillegg og bonus. Overtidsgodtgjering er ikkje rekna med i månadslønna. Månadslønna blir samanlikna på eit valt tidspunkt kvart år, medan samanlikning av årslønn måler endringane mellom kalenderår. Auken i månadslønn avviker derfor som regel noko frå auken i årslønna.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42