Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Reduserte bonusar i finansnæringa
Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 47 700 kroner per september 2009, ein nedgang på om lag 1 900 kroner, eller 3,8 prosent, frå same tidspunkt i 2008. Dette kjem i hovudsak av lågare bonusutbetalingar.
Finansnæringa omfattar i tillegg til bank- og forsikringsverksemd verksemder som driv anna finansiell tenesteyting. Lønnsnivået i sistnemnde område er gjennomgåande høgare, og reduksjonen i bonusutbetalingar hadde sterkare påverknad på utviklinga i månadslønna her enn for tilsette i bank- og forsikringsverksemd. Den gjennomsnittlege månadslønna for tilsette i anna finansiell tenesteyting låg i 2009 på 57 300 kroner, det vil seie 9,5 prosent lågare enn året før. Til samanlikning utgjorde månadslønna i bank- og forsikringsverksemd 44 400 kroner, som er 200 kroner mindre enn i 2008 i gjennomsnitt.
Avtalt månadslønn for tilsette i finansnæringa viser derimot ein auke på 3,1 prosent frå i fjor og utgjorde i gjennomsnitt 42 700 kroner. Tilsette i bank- og forsikringsverksemder hadde ei avtalt månadslønn på 40 900 kroner, ein auke på 3,5 prosent frå året før. Til samanlikning utgjorde avtalt månadslønn i gjennomsnitt 48 000 kroner for tilsette i anna finansiell tenesteyting. Dermed steig lønna med 3,4 prosent.
Halverte direktørbonusar i bank- og forsikringsverksemda
Den generelle reduksjonen i bonusutbetalingar har slått sterkast ut for leiarstillingar. Dette er alle administrative og faglege leiarar i tråd med standard for yrkesklassifisering. Til dømes er bonusar til administrerande direktørar i bank- og forsikringsverksemd tilnærma halverte frå 2008. Dette resulterte i ein gjennomsnittleg månadslønn for denne gruppa på 107 900 kroner, som var 12,3 prosent lågare enn på tilsvarande tidspunkt året før. For tilsette i høgskoleyrke som bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar, som utgjer hovuddelen av dei tilsette i næringa, var ikkje lønna endra frå nivået i 2008, lønna låg på 38 700 kroner.
Veksten i avtalt månadslønn er positiv for begge grupper i bank- og forsikringsverksemd. Administrerande direktørar hadde ein auke i avtalt månadslønn på 0,6 prosent, medan tilsvarande auke for tilsette med høgskoleyrke var på 3,8 prosent.
Over 680 000 årleg til tilsette i anna finansiell tenesteyting
Heiltidstilsette i finanstenestar har ei utrekna gjennomsnittleg årslønn for 2009 på 569 900 kroner. I bank- og forsikringsverksemd er årslønna 530 500 kroner og for tilsette i anna finansiell tenesteyting 683 600 kroner.
Utjamning mellom kjønna
Menn i finansnæringa har ei månadslønn på 55 600 kroner i 2009, medan lønna ligg på 38 400 kroner for kvinner. I år utgjer lønna til kvinner 69 prosent av lønna til menn . Denne skilnaden var på 65 prosent i 2008. Mykje av denne utjamninga i månadslønn har si årsak i reduserte bonusutbetalingar som tradisjonelt går til yrke med overvekt av menn.
Ny næringsstandardFrå og med frigivinga i 2009 blir det nytta ny næringsstandard. Tala for både 2008 og 2009 er etter ny næringsstandard. For generell informasjon om overgang til ny standard, klikk her . |
Om statistikkgrunnlagetStatistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 38 679 heiltidstilsette og 4 592 deltidstilsette. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret har finanstenester til saman 46 628 tilsette per september 2009. Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt månadslønn, uregelrette tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. Den avtalte månadslønna blir målt på tidspunktet 1. september, medan bonus, uregelrette tillegg og overtid er målt som eit gjennomsnitt for heile året. Årslønn blir rekna ut ved hjelp av informasjon frå to årgangar av lønnsstatistikken og informasjon frå lønnsforhandlingane. Overtidsgodtgjersle og ulike naturalytingar inngår ikkje i berekna årslønn. Tall for 2009 er foreløpige fram til lønnsstatistikken for 2010 blir frigitt. Veksten i månadslønn vik noko av frå veksten i årslønn. Månadslønna blir samanlikna på eit valt tidspunkt, 1. september kvart år, medan årslønna måler endring mellom kalenderår. |
Tabeller:
- Tabell 1 Tilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn per heiltidsekvivalent per 1. september 2008 og 2009. Kroner og endring i prosent
- Tabell 2 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn, etter næring per 1. september 2008-2009. Kroner og endring i prosent
- Tabell 3 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn, etter næring og yrkesgruppe per 1. september 2009. Kroner
- Tabell 4 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn, etter næring og yrkesgruppe per 1. september 2008. Kroner
- Tabell 5 Heiltidstilsette i finanstenester. Utrekna årslønn, etter næring per 2009. Kroner
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42