1368_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
1368
Månadslønna opp med 2 900 kroner
statistikk
2010-11-18T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnfinans, Lønn for tilsette i finanstenester, bank, forsikring, finansiell tenesteytingLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2010

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Månadslønna opp med 2 900 kroner

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i finanstenester utgjorde 50 600 kroner per september 2010. Dette er ein auke på 2 900 kroner, eller 6,1 prosent, frå same tidspunkt i 2009.

Finanstenester omfattar i tillegg til bank- og forsikring også verksemder som driv anna finansiell tenesteyting. Månadslønna eksklusive overtidsgodtgjersle for tilsette i bank- og forsikring utgjorde 47 000 kroner, eller 5,9 prosent meir enn på same tid året før. Til samanlikning var månadslønna i anna finansiell tenesteyting på 61 300 kroner. Dette er i gjennomsnitt 4 000 kroner, eller 7 prosent, meir enn på same tid i 2009.

Avtalt månadslønn steig 3,7 prosent

Heiltidstilsette i finanstenester hadde ein gjennomsnittleg avtalt månadslønn på 44 300 kroner. Dette er ein auke på 3,7 prosent frå september 2009. Avtalt månadslønn omfattar ikkje uregelmessige tillegg, bonusar eller overtidsgodtgjersle. Etter ein auke på 4,2 prosent frå året før utgjorde avtalt månadslønn for heiltidstilsette i bank- og forsikring 42 600 kroner i september 2010. Tilsvarande tall for heiltidstilsette i anna finansiell tenesteyting var 49 400 kroner. Dette er ein auke på 2,9 prosent.

Heiltidstilsette i finans. Prosentvis endring per 1. september 1998-2010

Bonusutbetalingane aukar

Bonusutbetalingar til heiltidstilsette i finanstenester utgjorde i gjennomsnitt 5 900 kroner per månad i 2010. Dette er ein auke på over 25 prosent frå 2009. Auken er størst i leiarstillingar. Til dømes er gjennomsnittlege bonusutbetalingar til administrerande direktørar auka meir enn 50 prosent frå 2009. Månadslønna for denne gruppa utgjorde i gjennomsnitt 120 000 kroner. Dette er 9,3 prosent høgare enn på tilsvarande tidspunkt året før.

Hovuddelen av dei tilsette i finanstenester jobbar i høgskoleyrke, som bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar. Gjennomsnittleg månadslønn for denne gruppa utgjorde 44 100 kroner, som tilsvarar ein auke på 5,8 prosent frå same tidspunkt året før. Av dette utgjorde bonusar i gjennomsnitt 5 100 kroner per månad for gruppa. Dette er 900 kroner meir i månaden enn i 2009. Se figuren for endring i prosent i månadslønn i alt og avtalt månadslønn i perioden 1998-2010.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 38 648 heiltidstilsette og 4 284 deltidstilsette. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret har finanstenester til saman 46 600 tilsette per september 2010.

Sentrale omgrep

Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt månadslønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. Den avtalte månadslønna blir målt på tidspunktet 1. september, medan bonus, uregelmessige tillegg og overtid er målt som eit gjennomsnitt for heile året.

Tabeller: