54009_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
54009
Lønna for banktilsette opp 5,7 prosent
statistikk
2011-11-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnfinans, Lønn for tilsette i finanstenester, bank, forsikring, finansiell tenesteytingLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2011

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lønna for banktilsette opp 5,7 prosent

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i bank- og forsikringsverksemder utgjorde 49 700 kroner per september 2011. Dette er ein auke på 2 700 kroner, eller 5,7 prosent, frå same tidspunkt i fjor.

Det er tilsette i høgskoleyrke som bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar som dominerar i bank- og forsikringsverksemder. Gjennomsnittleg månadslønn for denne gruppa auka med om lag 5,1 prosent frå september 2010 til 43 000 kroner. Avtalt månadslønn auka med 4,6 prosent i perioden til 38 900 kroner, medan gjennomsnittleg bonus per månad gjekk opp frå vel 3 300 til 3 700 kroner.

Til samanlikning var lønnsauken høgare blant leiarar, både med tanke på bonus og avtalt månadslønn. Administrerande direktørar i bank- og forsikringsverksemder hadde ein auke i månadslønna frå 114 600 kroner i 2010 til 127 400 kroner i 2011. Gjennomsnittlege bonusutbetalingar per månad medverka sterkt, ved å auke frå 16 200 kroner i fjor til 21 800 kroner i år.

Auke på 9,3 prosent for tilsette i anna finansiell tenesteyting

Næringa finanstenester omfattar i tillegg til bank og forsikring også verksemder som driv anna finansiell tenesteyting. Tilsette i anna finansiell tenesteyting hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 67 000 kroner. Dette er ein auke på 9,3 prosent frå same tidspunkt året før.

Tilsette i yrke på høgskulenivå hadde ei månadslønn på 61 500 kroner, som svarar til ein auke på 5 800 kroner, eller 10,4 prosent. Denne yrkesgruppa omfattar mellom anna aksjemeklarar, porteføljeforvaltarar og konsulentar.

Administrerande direktørar i anna finansiell tenesteyting hadde til samanlikning i snitt ei månadslønn på 156 100 kroner. Dette var ein vekst på 29 000 kroner eller 22,8 prosent frå 2010. Bonusutbetalingane auka frå 30 400 kroner per månad i 2010 til 43 400 kroner i 2011.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 38 964 heiltidstilsette og 4 128 deltidstilsette. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret har finanstenester til saman 47 200 tilsette per september 2011.

Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt månadslønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. Den avtalte månadslønna blir målt på tidspunktet 1. september, medan bonus, uregelmessige tillegg og overtid er målt som eit gjennomsnitt for heile året.

Tabeller: