Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lønna opp 2,8 prosent i bank og forsikring
Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i bank og forsikring utgjorde 51 100 kroner per september 2012. Dette er ein auke på 1 400 kroner, eller 2,8 prosent, frå same tid i fjor.
Ser ein til samanlikning på avtalt månadslønn eller månadslønna eksklusive uregelmessige tillegg og bonusar, utgjorde denne i gjennomsnitt 46 600 kroner. Det er ein auke på 4,5 prosent frå året før.
Månadslønna i høgskoleyrke opp 3,7 prosent
Tilsette i høgskoleyrke, som bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar, hadde ei månadslønn på 44 600 kroner, eller 3,7 prosent meir enn året før. Avtalt månadslønn auka samstundes med 4,9 prosent, til 40 800 kroner. Til samanlikning gjekk månadslønna til administrerande direktørar ned frå i gjennomsnitt 127 400 kroner i 2011 til 125 400 i 2012. Det svarar til ein nedgang på 1,6 prosent, og kjem av at bonusutbetalingane per månad i snitt gjekk ned frå 21 800 kroner i 2011 til 9 000 kroner i 2012. Avtalt lønn for direktørane auka i same periode frå 105 100 kroner til 113 600 kroner, eller med 8,1 prosent.
Nedgang i gjennomsnittslønna i anna finansiell tenesteyting
Tilsette i verksemder som driv anna finansiell tenesteyting, hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 64 600 kroner. Dette er ein nedgang på 3,6 prosent frå same tid året før. Nedgangen kjem i hovudsak av at bonusutbetalingane i snitt gjekk ned frå 13 400 kroner til 8 900 kroner per månad.
Tilsette i yrke på høgskolenivå hadde ei månadslønn på 58 500 kroner, som svarar til ein nedgang på 3 000 kroner, eller 4,9 prosent, frå same tid året før. Denne yrkesgruppa omfattar mellom anna aksjemeklarar, porteføljeforvaltarar og konsulentar.
Administrerande direktørar hadde her til samanlikning i snitt ei månadslønn på 145 600 kroner. Dette er ein nedgang på 10 500 kroner, eller 6,7 prosent, frå 2011. Bonusutbetalingane gjekk ned frå 43 400 kroner per månad i 2011 til 24 300 kroner i 2012. Avtalt månadslønn eller månadslønn eksklusive uregelmessige tillegg og bonusar auka med 7,5 prosent frå 2011, til 120 700 kroner per månad.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 39 125 heiltidstilsette og 3 933 deltidstilsette. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret har finanstenester til saman 46 100 tilsette per september 2012. Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt månadslønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. Den avtalte månadslønna blir målt på tidspunktet 1. september, medan bonus, uregelmessige tillegg og overtid er målt som eit gjennomsnitt for heile året. |
Tabeller:
- Tabell 1 Tilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn per heiltidsekvivalent per 1. september 2011 og 2012. Kroner og endring i prosent
- Tabell 2 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn, etter næring per 1. september 2011-2012. Kroner og endring i prosent
- Tabell 3 Heiltidstilsette i finanstenester. Gjennomsnittleg månadslønn, etter næring og yrkesgruppe per 1. september 2012. Kroner
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42