Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lønna opp 6,3 prosent i bank og forsikring
Gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i bank og forsikring utgjorde 54 300 kroner i september 2013. Dette er ein auke på 6,3 prosent frå same tidspunkt i fjor.
Månadslønn | Avtalt månadslønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
2012 | 2013 | 2012 - 2013 | 2012 | 2013 | 2012 - 2013 | |
Finanstenester, i alt | 54 400 | 56 900 | 4,6 | 48 700 | 50 200 | 3,1 |
Bank- og forsikringsverksemd | 51 100 | 54 300 | 6,3 | 46 600 | 48 300 | 3,6 |
Anna finansiell tenesteyting | 64 600 | 64 600 | 0,0 | 55 100 | 55 900 | 1,5 |
Denne auken i månadslønna utgjorde 3 200 kroner. Nær halvparten av auken kjem av auka utbetalingar av bonusar.
Til samanlikning utgjorde avtalt månadslønn i gjennomsnitt 48 300 kroner. Dette var ein auke på 3,6 prosent frå året før.
Bank- og forsikringsfunksjonærar, kundebehandlarar og konsulentar, hadde ei månadslønn på 47 100 kroner, eller 5,6 prosent, meir enn året før. Avtalt månadslønn auka i snitt med 3,2 prosent for yrkesgruppa, til 42 100 kroner. Månadslønna til administrerande direktørar auka med 10,1 prosent, frå i snitt 125 400 kroner i 2012 til 138 100 kroner i 2013. Størsteparten av auken skuldast at gjennomsnittlege bonusutbetalingar per månad har auka frå 9 000 kroner i 2012 til 17 800 kroner i 2013. Avtalt månadslønn for direktørane har i same periode auka frå 113 600 kroner til 118 000 kroner. Dette tilsvarar ein auke på 3,9 prosent.
Uendra månadslønn i anna finansiell tenesteyting
Tilsette i verksemder som driv med anna finansiell tenesteyting, hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 64 600 kroner per september 2013. Dette er uendra frå same tidspunkt i fjor. Avtalt månadslønn hadde ein auke på 1,5 prosent i same periode.
Tilsette i yrke på høgskulenivå hadde ei avtalt månadslønn på 50 800 kroner, som tilsvarar ein auke på 1 400 kroner, eller 2,8 prosent, frå same tidspunkt året før. Denne yrkesgruppa omfattar mellom anna aksjemeklarar, porteføljeforvaltarar og konsulentar.
Administrerande direktørar hadde til samanlikning i snitt ei månadslønn på 140 200 kroner. Dette var ein nedgang på 5 400 kroner, eller 3,7 prosent, frå 2012. Bonusutbetalingane gjekk i snitt ned frå 24 300 kroner per månad i 2012 til 22 400 kroner i 2013. Dette tilsvarar ein nedgang på 7,8 prosent. Avtalt månadslønn er redusert med 3,3 prosent, frå 120 700 kroner i 2012 til 116 700 kroner i 2013.
Tal på tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk
Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 39 012 heiltidstilsette og 3 979 deltidstilsette. Ifylgje Verksemd- og føretaksregisteret har finanstenester til saman 45 800 tilsette per september 2013.
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42