192450_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnfinans/aar
192450
Lønna opp 3,1 prosent i bank og forsikring
statistikk
2014-11-17T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnfinans, Lønn for tilsette i finanstenester, bank, forsikring, finansiell tenesteytingLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
true

Lønn for tilsette i finanstenester1. september 2014

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Lønna opp 3,1 prosent i bank og forsikring

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i bank og forsikring utgjorde 56 000 kroner per september 2014. Dette er ein auke på 1 700 kroner eller 3,1 prosent frå same tidspunkt i fjor.

Heiltidstilsette i finanstenester, etter næring. Månadslønn og avtalt månadslønn. Gjennomsnitt per september. Kroner og endring i prosent
MånadslønnAvtalt månadslønn
201320142013 - 2014201320142013 - 2014
Finanstenester, i alt56 90059 3004,250 20051 8003,2
Bank- og forsikringsverksemd54 30056 0003,148 30050 2003,9
Anna finansiell tenesteyting64 60070 0008,455 90057 0002,0

Tilsette i verksemder som driv anna finansiell tenesteyting, hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 70 000 kroner per september 2014. Dette er ein auke på 5 400 kroner eller 8,4 prosent frå same tidspunkt i fjor.

Tal på tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk

Statistikken byggjer på eit utval verksemder i finanstenester med til saman 38 404 heiltidstilsette og 3 521 deltidstilsette. Ifylgje Verksemd - og føretaksregisteret har finanstenester til saman 45 000 tilsette per september 2014.

Meir om lønnsomgrepaÅpne og lesLukk

Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt månadslønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. Den avtalte månadslønna blir målt på tidspunktet 1. september, medan bonus, uregelmessige tillegg og overtid er målt som eit gjennomsnitt for heile året. Sjå meir informasjon under Tilleggsinformasjon.