Innhald
Publisert:
Månadslønna opp med 1700 kroner
Heiltidstilsette i kraftforsyning hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 51 600 kroner per 1. oktober 2014. Det er ein auke på 1 700 kroner, eller 3,4 prosent, frå same tidspunkt året før.
Månadslønn | Avtalt månadslønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
2013 | 2014 | 2013 - 2014 | 2013 | 2014 | 2013 - 2014 | |
1Talene for 2011 er korrigerte i førehald til tidlegare publisering. | ||||||
Kraftforsyning i alt | 49 900 | 51 600 | 3,4 | 48 000 | 49 500 | 3,1 |
Leiaryrke | 76 800 | 80 700 | 5,1 | 74 400 | 77 500 | 4,2 |
Akademiske yrke | 61 000 | 62 600 | 2,6 | 59 100 | 60 600 | 2,5 |
Høgskuleyrke | 51 200 | 52 600 | 2,7 | 49 100 | 50 400 | 2,6 |
Elkraftingeniørar og -teknikarar | 50 900 | 52 600 | 3,3 | 48 400 | 50 100 | 3,5 |
Kontor- og kundeserviceyrke | 37 700 | 38 900 | 3,2 | 37 100 | 37 900 | 2,2 |
Handverkarar o.l. | 39 400 | 40 200 | 2,0 | 37 500 | 38 300 | 2,1 |
Energimontørar | 39 300 | 40 000 | 1,8 | 37 200 | 38 000 | 2,2 |
Yrke utan krav til utdanning | 41 000 | 42 200 | 2,9 | 38 200 | 39 300 | 2,9 |
Heiltidstilsette elkraftingeniørar hadde per 1. oktober 2014 ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 52 600 kroner. Det er 1 700 kroner, eller 3,3 prosent, meir enn på same tidspunkt i 2013.
Til samanlikning utgjorde gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette energimontørar 40 000 kroner per 1. oktober 2014. Yrkesgruppa hadde dermed ein lønnsauke på 700 kroner, eller 1,8 prosent, frå 1. oktober 2013.
Antall tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk
Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i næringshovudområdet kraftforsyning, med til saman 9 918 heiltidstilsette og 783 deltidstilsette. Ifølgje Verksemd- og føretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 15 700 tilsette per oktober 2014. Næringshovudområdet inneheld både offentlege og private verksemder som driv med produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet.
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunktet for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan påverke lønnsendringane i statistikken.
Strukturelle endringar i næringshovudområdet vil også kunne påverke endringane som blir målt. Dette kan vere tilhøve som endringar i sysselsetjingsmønsteret, eller at personar skifter jobb mellom ulike næringar og yrke med forskjellig lønnsnivå. I tillegg blir tala påverka av forskjeller mellom dei som kjem inn i og dei som går ut av arbeidsmarknaden.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42