1514_om_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
1514_om
statistikk
2004-04-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2003

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Lønn for tilsette i kraftforsyning
Emne: Arbeid og lønn

Ansvarleg seksjon

Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Omgrepet lønn i lønnsstatistikken er avgrensa til å omfatte kontante godtgjersler frå arbeidsgivar til arbeidstakar for utført arbeid. Statistikken omfattar derfor ikkje naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjersler og liknande.

Månadslønn

Brutto månadslønn. Omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje inkludert.

Avtalt månadslønn

Omfattar den faste lønna som vert utbetalt ved teljetidspunktet anten den er definert som time-, månads-, 14 dagars- eller vekelønn, og blir ofte kalla regulativlønn eller fast grunnlønn. Kvalifikasjonstillegg/kompetansetillegg og andre faste personlege tillegg er inkludert.

Uregelmessige tillegg

Dette er tillegg som vanlegvis gjeld arbeidsoppgåver knytte til ymse yrke, og blir gitt som eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar til teljetidspunktet. Omfattar mellom anna skiftillegg, turnustillegg, tillegg for ulageleg arbeidstid, søn- og helgedagstillegg og andre tillegg som kjem ujamt.

Bonus

Dette er tillegg i lønn som ikkje er knytt til bestemte arbeidsoppgåver, og der utbetalingane kjem ujamt med omsyn til perioden dei er opptente i eller gjeld for. Omfattar til dømes provisjon, overskotsdeling, produksjonstillegg, gratiale og tantieme, og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden f.o.m. 4. kvartal året før til teljetidspunktet.

Overtidsgodtgjersle

Omfattar summen av kontante godtgjersler for arbeid som er utført utover den avtalte arbeidstida,og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar og til teljetidspunktet.

Årslønn

Årslønna er eit estimat for 12 månadar i kalenderåret og tek utgangspunkt i månadslønn på teljetidspunktet. Årslønna omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, men inkluderer ikkje feriepengetillegg og overtidsgodtgjersle.

Heiltid og deltid

Alle tilsette med ei avtalt arbeidstid på 33 timar eller meir per veke vert rekna som heiltidstilsette. For tilsette i stat, skuleverk og kommune er heiltid definert som alle med ein dellønnsprosent/stillingsandel på 100 prosent. Deltidstilsette er definert som alle tilsette med avtalt arbeidstid mindre enn 33 timar per veke eller ein stillingsandel på mindre enn 100.

Avtalt arbeidstid

Avtalt arbeidstid vert definert som avtalt arbeidstid per veke eksklusiv pause til eting. Det vert ikkje gjort frådrag grunna ferie, sjukdom, permisjon e.l. For tilsette med ei varierande arbeidstid frå veke til veke, vert det innrapportert gjennomsnittleg arbeidstid per veke for året eller siste månad.

Heiltidsekvivalentar

For å samanlikne lønn mellom heil- og deltidstilsette, om reknast lønna for deltidstilsette til kva den ville vore om dei arbeide heiltid. Det vert gjort ved å bruke forholdet mellom arbeidstida for kvar deltidstilsett og den gjennomsnittlege arbeidstida for heiltidstilsette i næringa. Månadslønn per heiltidsekvivalent for deltidstilsette kan ein slå saman med månadslønn for heiltidstilsette for å berekne ei gjennomsnittleg månadslønn for alle tilsette.

Standard klassifikasjonar

Næringsgruppering

Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næring i samsvar med Standard for næringsgruppering (SN2007) , som er den norske versjonen av EU sin nye standard NACE Rev.2.

Yrkesgruppering

I lønnsstatistikken bruker ein Standard for yrkesklassifisering (C521) . Yrkeskodene er etablert gjennom heile lønnsstatistikken anten ved direkte innhenting eller ved omkoding frå andre stillings- eller yrkeskodar.

Utdanningsgruppering

Utdanningsnivå er henta frå registeret for Befolkninga si høgast utdanning. Det vert gruppert etter lengda på utdanninga i samsvar med  Standard for utdanningsgruppering (NOS C617) .

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå

Kor ofte og aktualitet

Frekvens: Årleg per 1. oktober. 

Aktualitet: Statistikken vert frigitt i mars påfølgjande år.

Internasjonal rapportering

Eurostat, OECD og ILO.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådatafiler med lønnsdata som har gått igjennom koplings- og estimeringsprogram vert lagra etter kryptering.

Bakgrunn

Føremål og historie

Målet med statistikken er å gje eit oversyn over lønnsnivået og endringa i lønn for tilsette i kraftforsyning. Statistikk vart etablert i dagens form i 1997.

Brukarar og bruksområde

Sentrale brukarar er Teknisk berekningsutval for inntektsoppgjera, forskingsinstitusjonar, arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, Eurostat, samt i nasjonalrekneskapen.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Det ble i 1997 etablert ny årlig lønnsstatistikk for de fleste næringshovedområder. Statistikken skal være enhetlig og sammenlignbar mellom næringshovedområdene. Fra og med 1. kvartal 1998 ble det også etablert kvartalsvis lønnsindeks .

  

Lovheimel

Statistikkloven, paragraf 2-1, 2-2, 2-3

EØS-referanse

Rådsforordning (EF) nr. 530/1999 av 9. mars 1999 om strukturstatistikk for lønn og arbeidskraftskostnadar.

Kommisjonsforordningane (EF) nr. 1738/2005 av 21. oktober 2005

og nr. 698/2006 av 5. mai 2006.

Produksjon

Omfang

Fra og med publiseringen i 2009 tar Statistisk sentralbyrå i bruk en ny versjon av norsk  Standard for næringsgruppering (SN2007) som samsvarer med EU sin nye standard NACE Rev.2.

Populasjonen omfattar alle føretak i Verksemd- og føretaksregisteret i næringshovedområde D i følgje Standard for næringsgruppering (SN2007) .

Kvart føretak har ei eller fleire verksemder som er grupperte etter næring. Opplysningane til lønnsstatistikken vert henta inn på personnivå per verksemd.

Datakjelder og utval

Data vert henta inn på elektronisk form eller via skjema direkte frå føretaka. Medlemsføretak i KS vert henta frå Personal Administrativt Informasjonssystem (PAI). Det vert innhenta informasjon om avtalt månadslønn, bonus, variable tillegg, overtidsgodtgjering, yrke og arbeidstid for kvar av dei tilsette i føretaka.

Innkomne data vert kopla med informasjon frå Verksemd- og føretaksregisteret og med informasjon frå registeret over Befolkningens utdanningsnivå

Utvalet vert trekt frå Verksemd- og føretaksregisteret, og utgjer ein totalteljingsdel og ein utvalsdel. I delen med totalteljing vert alle føretak med sysselsetting over ei viss grense telt. Utvalsdelen er eit stratifisert utval av små og mellomstore føretak. Det vert vidare tatt omsyn til behov partane i lønnsoppgjeret har til statistikkgrunnlaget. Medlemmer i KS vert totaltelt.

Målsettinga med utvalstrekking er først og fremst å finne utval som sikrar et representativt grunnlag for statistikken, samtidig som ein slepp å belaste alle føretaka i næringen med skjemautfylling. Ei anna målsetting er å sikre at føretak med få tilsette vert minst belasta med oppgåveplikt.

Datainnsamling, editering og beregninger

Teljingstidspunktet for lønnsstatistikken i kraftforsyning er 1. oktober kvart år, med unntak for medlemmer i KS, som vert telt 1. desember.

Oppgåvegivar kan levere oppgåvene via Altinn-portalen, som elektronisk filuttrekk eller på skjema.

Kontroll og revisjon av lønnsstatistikken skjer i fleire steg, der dei fleste kontrollar og korrigering er automatiserte.

Ved mottak av fil (skjema) vert det kontrollert at sentrale variablar er utfylte. Dette gjeld fødselsnummer, yrke, avtalt månadslønn og avtalt arbeidstid per veke. I den vidare prosessen vert variablane nærare kontrollert i prioritert rekkefølgje. Høgast prioritet får variablane ovanfor, deretter følgjer kontroll av mellom anna bonus, provisjon, variable tillegg og overtidsgodtgjering. Kontrollen vert gjort både mot fjorårstalla, og også mot nokre sette absolutte verdiar for til dømes for lønnsnivå for yrke.

Talmaterialet som vert samla inn skal representere lønnsnivået i næringa, og utvalet må difor blåsast opp (vektast).

 Vektinga i lønnsstatistikken er basert på inverse trekkesannsyn med etterstratifisering på teljetidspunktet med omsyn til sysselsetjing. Målet med vektinga er å gje ei oppblåsing av utvalet som er slik at einingane som er med i utvalet får ei vekt som avspeglar heile næringa.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det er ikkje mogleg å identifisera verksemdsensitiv informasjon eller enkeltpersonar ut i frå statistikken.

Bruk av innsamla data frå oppgåvegjevarar skjer i samsvar med krav stilt av Statistikklovas føresegn.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken for heile næringsområdet kraftforsyning vart første gang produsert for 1997 og kan samanliknast tilbake til dette året. Oversikt over tidligare års statistikkar fins i Tidligere publisert .

Frå 2005 er det brot i tala for utdanning. Tala for lønn etter utdanning er derfor ikkje samanliknbare med tala for 2004 og tidligare. Mer informasjon på emne Befolkningens utdanningsnivå .

Frå og med publiseringa i 2009 er det brudd i tidsserien på grunn av ny Standard for næringsgruppering (SN2007) . Tal for 2008 er rekna tilbake til den nye næringsstandarden.

Frå og med 2011 er det i BHU inkludert resultater frå spørjeundersøkinga om utdanning fullført i utlandet. Denne spørjeundersøkinga førte til at andelen uoppgitt i BHU vert redusert frå om lag 43 prosent til 20 prosent. Dette får utslag i lønnsstatistikken frå og med 2012. Meir informasjon om spørjeundersøkinga:

Undersøkelse om utdanning i utlandet

Befolkningens utdanningsnivå, etter spørreundersøkelsen om utdanning fullført i utlandet

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Målefeil

Målefeil oppstår i hovudsak ved at oppgåvegivar misforstår kva som skal innrapporterast i kvar enkelt kolonne, eller at opplysningane som det vert spurt etter er særs vanskelege å finna for oppgåvegivaren. Alle variablar som vert samla inn og som anten direkte eller indirekte skal inngå i statistikken vert kontrollerte. Kontrollane er anten logiske eller dei innrapporterte verdiane til variablane vert samanlikna med absolutte grenser for kva som vert sett på som gyldige verdiar. Der det manglar opplysningar vert oppgåva sendt tilbake, oppgåvegivar vert kontakta over telefon eller det vert brukt imputering for å erstatta dei manglande opplysningane.

Handsamingsfeil

Innkomne data vert registrert anten gjennom Altinn, ved innlesing av filer som er bygd opp etter den elektroniske kravspesifikasjonen, optisk lesing, eller ved manuell registrering . Innhaldet på filer levert over nett, på diskettar eller CD-ROM vert sjekka med automatiske kontrollar. Opplysningar som er optisk og manuelt registrererte vert kontrollert visuelt ved innlesing til SSB sine serverar.

Einingsfråfall

I lønnsstatistikken er det generelt eit fråfall på mellom 2,5 og 5 prosent. Hovudårsaka til fråfallet er føretak som ikkje lenger har tilsette som følgje av at føretaket er opphøyrt, selt eller overdratt til ny eigar, har gått konkurs eller er fusjonert i tida mellom trekking av utval og teljetidspunktet. Vidare er det ei lita gruppe som rapporterer så seint at dei ikkje kjem med i statistikken. Fråfall som ikkje er tilfeldig fordelt kan gjera at utvalet vert skeivt. For å justera for eventuelle skeivskapar som måtte oppstå på grunn av fråfallet, vert det difor etterstratifisert etter storleiken (tal tilsette) på føretaka . Bakgrunnen for å velja talet på tilsette som stratifiseringsvariablar, er at det typisk er skilnad i lønnsnivå mellom store og små føretak.

Partielt fråfall

Der det er fråfall berre for enkelte variablar på ei innlevert fil, kan ein vanlegvis logisk avleia dei manglande verdiane. Det vert eventuelt og imputert for manglande opplysningar frå tidlegare årgangar.

Utvalsvarians

I alle utvalsundersøkingar vil tala som vert presenterte ha feilmarginar. Generelt vert resultata meir usikre jo færre observasjonar dei baserer seg på. Storleiken på denne uvissa er og avhengig av lønnsspreiinga i datamaterialet og av dekningsgraden til ulike kjennemerke i populasjonen. Grupper som er baserte på relativt få observasjonar, vert lett påverka av såkalla ekstremobservasjonar eller observasjonar som avvik sterkt frå gjennomsnittet i gruppa. For slike ekstremobservasjonar vert det nøye vurdert frå tilfelle til tilfelle om det er korrekt å bruka dei i statistikkgrunnlaget.

Registerfeil

Feil opplysningar om næringskode og/eller sysselsetjingsopplysningar i Verksemd- og føretaksregisteret vil ved utvalstrekkinga kunne resultera i at verksemder vert plasserte i feil næring eller feil trekkestratum.

Modellfeil

Dette er feil som skuldast moglege feil i føresetnadane som ligg bak modellane som vert brukt i lønnsstatistikken.

Revisjon

Ikkje relevant