1524_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
1524
4 prosent lønnsauke i kraftforsyning
statistikk
2006-04-07T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2005

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 prosent lønnsauke i kraftforsyning

Gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 33 100 kroner per 1. oktober 2005. Dette var ein auke på nær 1 300 kroner eller 4 prosent samanlikna med oktober 2004.

Månadslønna til menn auka med 1 100 kroner eller 3,5 prosent i gjennomsnitt frå året før, mens tilsvarande auke for kvinner var 1 800 kroner eller 6,3 prosent.

Yrkesgrupper

Det var tilsette i leiaryrke som hadde den høgaste kroneauken i månadslønna frå oktober 2004, med knapt 2 900 kroner. Fagarbeidarar hadde ein tilsvarande lønnsauke på 1 100 kroner, mens operatørar auka månadslønna med 1 700 kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder med til saman 9 282 heiltidstilsette i kraftforsyning. Ifølgje nasjonalrekneskapen syner førebelse tal for 3. kvartal 2005 at kraftforsyning sysselset 13 400 lønnstakarar.