1522_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
1522
1 400 kroner meir i månaden
statistikk
2007-05-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2006

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1 400 kroner meir i månaden

Gjennomsnittleg månadslønn for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 34 500 kroner per 1. oktober 2006. Dette var ein auke på 1 400 kroner eller 4,3 prosent samanlikna med oktober 2005.

Menn hadde ei månadslønn på 35 200 kroner, medan tilsvarande for kvinner var 31 800 kroner. Dette var ein gjennomsnittleg auke på 1 700 kroner eller 5 prosent for menn og 1 100 kroner eller 3,7 prosent for kvinner.

Heiltidstilsette i yrke med krav om utdanning på høgskulenivå hadde ei månadslønn på 34 500, ein auke på 1 400 kroner eller 4,2 prosent frå året før. Handverkarar hadde til samanlikning ei månadslønn på 28 200, ein auke på 1 200 kroner eller 4,5 prosent.

Gjennomsnittleg utrekna årslønn for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 408 000. Dette var ein auke på 17 000 kroner eller 3,8 prosent samanlikna med 2005. Årslønna er utrekna ved hjelp av informasjon frå to årgangar av statistikken og kvartalsvis lønnsindeks. Årslønna måler gjennomsnittleg nivå på lønn for eit helt kalenderår. Overtidsgodtgjering blir ikkje teke med i utrekninga. Tala for årslønn 2006 er førebelse til lønnsstatistikken for 2007 er frigitt.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval verksemder med til saman 9 389 heiltidstilsette i kraftforsyning.

Førebelse tal for 3. kvartal 2006 syner ifølgje nasjonalrekneskapen at kraftforsyning sysselset 12 300 lønnstakarar.

Tabeller: