Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lønnsauke på 7,5 prosent
Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 41 100 kroner per 1. oktober 2008. Dette var ein gjennomsnittleg auke på 2 900 kroner, eller 7,5 prosent, frå same tidspunkt året før.
Dei aller fleste tilsette i kraftforsyning er menn. Dei hadde ei gjennomsnittleg månadslønn på 41 900 kroner i 2008. Lønna auka med 7,7 prosent frå året før. Heiltidstilsette kvinner hadde 37 900 kroner i månadslønn, ein lønnsauke på 6,9 prosent.
Leiarlønn på 65 800
Handverkarar i kraftforsyning hadde i 2008 ei gjennomsnittleg månadslønn på 32 800 kroner, ein auke på i underkant av 2 500 kroner, eller 8,1 prosent frå det same tidspunktet året før. Tilsette i yrke med krav til høgskuleutdanning hadde ei månadslønn på 40 900 kroner. Dei fekk om lag 2 500 kroner, eller 6,6 prosent, meir i månaden. Til samanlikning hadde tilsette i akademiske yrke ei månadslønn på 49 700 kroner. Dette svara til ein auke i månadslønna på 2 500 kroner, eller 5,2 prosent, i gjennomsnitt. Leiarar hadde ein lønnsauke på 6,7 prosent, og det gav ei månadslønn på 65 800 kroner i 2008.
Dei høgast utdanna tente 59 000 i månaden
Tilsette med inntil fire års utdanning frå universitet eller høgskular hadde ei månadslønn på 47 200 kroner. Dette er ein auke på 3 100 kroner, eller om lag 7 prosent, frå året før. I denne gruppa finn vi mellom anna ingeniørane. Tilsette med utdanning utover fire år frå universitet eller høgskular hadde ei månadslønn på 59 000 kroner, ein auke på 2 600 kroner, eller 4,6 prosent, frå same tidspunkt året før. I denne gruppa finn vi mellom anna sivilingeniørar, hydrologar og økonomirådgjevarar.
Årslønna auka med 8,8 prosent
Gjennomsnittleg berekna årslønn for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 482 600 kroner. Dette var ein auke på 39 100 kroner, eller 8,8 prosent, samanlikna med 2007.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken byggjer på eit utval verksemder med til saman 10 785 heil- og deltidstilsette i kraftforsyning. Førebelse tal for 3. kvartal 2008 syner ifølgje nasjonalrekneskapen at kraftforsyning sysselset 11 500 lønnstakarar. |
Tabeller:
- Tabell 1 Heiltidstilsette i kraftforsyning. Gjennomsnittleg månadslønn, etter kjønn og yrkesgruppe 2007 og 2008. Kroner og endring i prosent
- Tabell 2 Heiltidstilsette i kraftforsyning. Gjennomsnittleg månadslønn etter utdanning 2007 og 2008. Kroner og endring i prosent
- Tabell 3 Heiltidstilsette i kraftforsyning. Gjennomsnittleg berekna årslønn per 1. oktober 2005-2008. Kroner
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunktet for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan påverke lønnsendringane i statistikken.
Strukturelle endringar i næringshovudområdet vil også kunne påverke endringane som blir målt. Dette kan vere tilhøve som endringar i sysselsetjingsmønsteret, eller at personar skifter jobb mellom ulike næringar og yrke med forskjellig lønnsnivå. I tillegg blir tala påverka av forskjeller mellom dei som kjem inn i og dei som går ut av arbeidsmarknaden.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42