1538_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
1538
1 900 kroner meir i månaden
statistikk
2010-04-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2009

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1 900 kroner meir i månaden

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning var på 42 600 kroner per 1. oktober 2009. Dette var 1 900 kroner, eller 4,7 prosent, meir enn på det same tidspunktet året før.

Dei to mest dominerande yrkesgruppene i kraftforsyning er handverkarar og tilsette med høgskuleutdanning. I gruppa med høgskuleutdanning dominerer driftsingeniørar og energiingeniørar. Handverkargruppa omfattar energimontørar og ulike fagarbeidarar innanfor el-fag, mekanikk og bygningsarbeid.

3,1 prosent lønnsauke for handverkarane

Månadslønna eksklusive overtidsgodtgjersle til høgskulegruppa auka med 5,2 prosent frå oktober 2008, til 42 700 kroner per 1. oktober 2009. Tilsvarande tal for handverkargruppa var opp 3,1 prosent, til 33 700 kroner.

Åtte av ti tilsette er menn

Dei fleste tilsette i næringa er menn, med ei månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 43 400 kroner per oktober 2009. Kvinnene hadde på same tid ei tilsvarande lønn på 39 600 kroner. Nokre kvinner er tilsette som sivilingeniørar, analytikarar og hydrologar, men mange kvinner er tilsette i kontoryrke med lågare lønn.

Årslønn

Utrekna årslønn i kraftforsyning for 2009 er 507 000 kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i næringshovudområdet kraftforsyning, med til saman 10 798 heiltidtilsette og 946 deltidstilsette. Næringshovudområdet inneheld både offentlege og private verksemder som driv med produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 14 300 tilsette per oktober 2009.

Lønnsstatistikken har teljing 1. oktober kvart år, uavhengig av tidspunkt for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan verke inn på målte lønnsendringar.

Ny næringsstandard

Frå og med frigivinga i 2009 blir det teke i bruk ny næringsstandard. Tala for både 2008 og 2009 er etter ny næringsstandard. For generell informasjon om overgang til ny standard klikk her.

Tabeller: