Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
1 500 kroner meir i månaden
Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning var på 44 100 kroner per 1. oktober 2010. Dette var 1 500 kroner, eller 3,5 prosent, meir enn på same tidspunkt året før.
Det er tilsett langt fleire menn enn kvinner i kraftforsyning. Gjennomsnittleg månadslønn for menn var på 44 700 kroner, medan tilsvarande lønn for kvinner var på 41 700 kroner per oktober 2010. Menn er i hovudsak sivilingeniørar, ingeniørar, teknikarar og energimontørar. Eit fleirtal av kvinnene jobbar i kontoryrke, men òg som ingeniørar, leiarar og teknikarar.
Ingeniørar og teknikarar
I næringa er det mange tilsette med høgskuleutdanning. Denne gruppa hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 44 500 kroner. Dette var 1 800 kroner, eller 4,2 prosent, meir enn på same tidspunkt året før. Yrkesgruppa er dominert av elkraftingeniørar og teknikarar, med ei tilsvarande månadslønn på 44 000 kroner. Det er ein auke på 1 300 kroner, eller 3 prosent.
Handverkarar
Handverkargruppa er ei stor yrkesgruppe i næringa med en gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 34 700 kroner. Dette var 1 000 kroner, eller 3 prosent, meir enn i oktober 2010. Gruppa er dominert av energimontørar.
Akademiske yrker og leiarar
Tilsette i akademiske yrker hadde en månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 54 300 kroner. Dette var 2 300 kroner, eller 4,4 prosent, meir enn i oktober 2009. Til samanlikning hadde tilsette i leiaryrke ei månadslønn på 69 800 kroner per oktober 2010. Det er ein auke på 3 200 kroner frå same tidspunkt året før.
Om statistikkgrunnlagetLønnsstatistikken har teljing 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultat frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan virke inn på målte lønnsendringar i statistikken. Statistikken byggjer på et utval av verksemder i næringshovudområdet kraftforsyning , med til saman 9 962 heiltidstilsette og 846 deltidstilsette. Næringshovudområdet inneheld både offentlege og private verksemder som driv med produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet. Ifølgje Bedrifts- og foretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 14 800 tilsette per oktober 2010. Månadslønn er hovudomgrep i lønnsstatistikken og omfattar avtalt lønn, varierande tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. |
Tabeller:
- Tabell 1 Tilsette i kraftforsyning. Gjennomsnittleg månadslønn per heltidsekvivalent per 1. oktober 2010. Kroner og endring i prosent
- Tabell 2 Tilsette i kraftforsyning. Gjennomsnittleg månadslønn, etter yrkesgruppe per 1. oktober 2010. Kroner og endring i prosent
- Tabell 3 Heiltidstilsette i kraftforsyning. Gjennomsnittleg månadslønn, etter kjønn og yrkesgruppe per 1. oktober 2010. Kroner
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunktet for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan påverke lønnsendringane i statistikken.
Strukturelle endringar i næringshovudområdet vil også kunne påverke endringane som blir målt. Dette kan vere tilhøve som endringar i sysselsetjingsmønsteret, eller at personar skifter jobb mellom ulike næringar og yrke med forskjellig lønnsnivå. I tillegg blir tala påverka av forskjeller mellom dei som kjem inn i og dei som går ut av arbeidsmarknaden.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42