66041_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
66041
Månadslønna opp 3 000 kroner
statistikk
2012-03-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2011

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Månadslønna opp 3 000 kroner

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning var på 47 100 kroner per 1. oktober 2011. Dette var i snitt 3 000 kroner eller 6,8 prosent meir enn på same tidspunkt året før.1

Avtalt månadslønn, månadslønn eksklusive uregelmessige tillegg og bonusar, auka med 2 600 kroner eller 6,1 prosent.

Energimontørar og elkraftingeniørar

Kvar femte tilsette i kraftforsyning er energimontørar eller elektrofagarbeidarar som bygg og held vedlike kraftnett og kraftstasjonar. Gruppa hadde ei månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 37 000 kroner per oktober 2011. Dette var ein auke på 6,6 prosent frå same tidspunkt året før. Elkraftingeniørar som er høgskuleutdanna, hadde til samanlikning ei månadslønn på 47 100 kroner, eller i snitt 3 100 kroner meir enn i oktober 2010.

Akademiske yrke og leiarar

Tilsette i akademiske yrke som til dømes sivilingeniørar, hadde i snitt 57 400 kroner i månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle per oktober 2011. Dette var 3 200 kroner eller 5,9 prosent meir enn på same tidspunkt året før. Tilsette i leiaryrke hadde til samanlikning ei månadslønn på 73 000 kroner, eller ein auke i månadslønna i perioden på 4,9 prosent.

Om statistikkgrunnlaget

Lønnsstatistikken har teljing 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultat frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan virke inn på målte lønnsendringar i statistikken.

Statistikken byggjer på et utval av verksemder i næringshovudområdet kraftforsyning , med til saman 9 573 heiltidstilsette og 825 deltidstilsette.. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 15 000 tilsette per oktober 2011. Næringshovudområdet inneheld både offentlege og private verksemder som driv med produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet

Månadslønn er hovudomgrep i lønnsstatistikken og omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonusar. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna.

1  Deler av teksten i artikkelen ble endret 16. mars 2012 kl. 10.30

Tabeller: