Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Månadslønna opp 900 kroner
Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning var på 46 900 kroner per 1. oktober 2012. Dette er 900 kroner, eller 2 prosent, meir enn på same tidspunktet året før.
Månadslønn | Avtalt månadslønn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
2011 | 2012 | 2011 - 2012 | 2011 | 2012 | 2011 - 2012 | |
1Talene for 2011 er korrigerte i førehald til tidlegare publisering. | ||||||
Kraftforsyning i alt | 46 000 | 46 900 | 2,0 | 44 000 | 45 200 | 2,7 |
Leiaryrke | 70 600 | 73 600 | 4,2 | 68 200 | 71 900 | 5,4 |
Akademiske yrke | 56 200 | 56 500 | 0,5 | 54 500 | 55 300 | 1,5 |
Høgskuleyrke | 47 600 | 48 900 | 2,7 | 45 400 | 47 000 | 3,5 |
Elkraftingeniørar og -teknikarar | 47 100 | 48 400 | 2,8 | 44 600 | 46 200 | 3,6 |
Kontor- og kundeserviceyrke | 34 900 | 35 400 | 1,4 | 34 200 | 34 900 | 2,0 |
Handverkarar o.l. | 36 800 | 37 600 | 2,2 | 34 700 | 35 700 | 2,9 |
Energimontørar | 36 700 | 37 500 | 2,2 | 34 500 | 35 600 | 3,2 |
Yrke utan krav til utdanning | 38 800 | 38 800 | 0,0 | 36 100 | 36 500 | 1,1 |
Om lag ein av fem som arbeider med kraftforsyning , er energimontør eller elektrofagarbeidar som byggjer og driv med vedlikehald av kraftnett og kraftstasjonar. Denne gruppa hadde i 2012 ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 37 500 kroner. Dette er ein auke på 2,2 prosent frå same tidspunktet året før.
Elkraftingeniørar med høgskuleutdanning er òg ei stor yrkesgruppe i kraftforsyning. Ingeniørane hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 48 400 kroner i 2012. Dette er ein auke frå 2011 på 1 300 kroner, eller 2,8 prosent.
3 000 kroner meir i leiaryrka
Heiltidstilsette i akademiske yrke, som til dømes sivilingeniørar, hadde ei månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 56 500 kroner i 2012. Dette er i snitt 300 kroner meir enn på same tidspunkt i 2011. Tilsette i leiaryrke hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 73 600 kroner, som er ein auke på 3 000 kroner, eller 4,2 prosent, i denne perioden.
Statistikken byggjer på eit utvalÅpne og lesLukk
Utvalet av verksemder, som denne statistikken er basert på, utgjer til saman 10 090 heiltidstilsette og 754 deltidstilsette. Ifølgje Verksemd- og Føretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 14 600 tilsette per oktober 2012. Statistikken byggjer dermed på data om drygt to tredelar av dei tilsette i næringshovudområdet kraftforsyning.
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunktet for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan påverke lønnsendringane i statistikken.
Strukturelle endringar i næringshovudområdet vil også kunne påverke endringane som blir målt. Dette kan vere tilhøve som endringar i sysselsetjingsmønsteret, eller at personar skifter jobb mellom ulike næringar og yrke med forskjellig lønnsnivå. I tillegg blir tala påverka av forskjeller mellom dei som kjem inn i og dei som går ut av arbeidsmarknaden.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42