140044_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnkraft/aar
140044
Månadslønna opp med 3 000 kroner
statistikk
2014-03-13T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnkraft, Lønn for tilsette i kraftforsyningLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i kraftforsyning1. oktober 2013

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Månadslønna opp med 3 000 kroner

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i kraftforsyning utgjorde 49 900 kroner per 1. oktober 2013. Dette er ein auke på 3 000 kroner, eller 6,4 prosent, frå same tidspunktet året før.

Heiltidstilsette i kraftforsyning, etter yrke. Månadslønn og avtalt månadslønn. Gjennomsnitt per oktober. Kroner og endring i prosent1
MånadslønnAvtalt månadslønn
201220132012 - 2013201220132012 - 2013
1Talene for 2011 er korrigerte i førehald til tidlegare publisering.
Kraftforsyning i alt46 90049 9006,445 20048 0006,2
Leiaryrke73 60076 8004,371 90074 4003,5
Akademiske yrke56 50061 0008,055 30059 1006,9
Høgskuleyrke48 90051 2004,747 00049 1004,5
Elkraftingeniørar og -teknikarar48 40050 9005,246 20048 4004,8
Kontor- og kundeserviceyrke35 40037 7006,534 90037 1006,3
Handverkarar o.l.37 60039 4004,835 70037 5005,0
Energimontørar37 50039 3004,835 60037 2004,5
Yrke utan krav til utdanning38 80041 0005,736 50038 2004,7

I kraftforsyning er fleirtalet av dei tilsette menn med ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 50 400 kroner. Dette er ein auke frå året før på 3 000 kroner. Til samanlikning hadde kvinner på same tid ei månadslønn på 48 000 kroner. Dette svarar til ein lønnsvekst på 3 500 kroner i perioden. Menn er tilsette i yrke som montørar og ingeniørar, medan dei få kvinnene i næringa stort sett er tilsette i kontoryrke.

1 800 kroner i lønnsauke til energimontørar

Om lag kvar femte tilsette i kraftforsyning er tilsett som energimontørar. Yrkesgruppa omfattar elkraftmontørar eller elektrofagarbeidarar. Det er dei som byggjer og held ettersyn med kraftnett og kraftstasjonar. I oktober 2013 hadde yrkesgruppa ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 39 300 kroner. Dette utgjer ein lønnsauke på 1 800 kroner, eller 4,8 prosent, frå det same tidspunktet året før.

Elkraftingeniørar opp 2 500 kroner i månadslønn

Ei anna stor yrkesgruppe i kraftforsyning er elkraftingeniørar som har høgskuleutdanning. Per 1. oktober 2013 hadde dei i snitt ei månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 50 900 kroner. Dette er 2 500 kroner, eller 5,2 prosent, meir enn på same tidspunktet i 2012.

4 500 kroner meir til sivilingeniørar

Tilsette i akademiske yrke som til dømes sivilingeniørar, hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 61 000 kroner i oktober 2013. Dette er 4 500 kroner, eller 8 prosent, meir enn på det same tidspunktet året før.

Administrative leiarar hadde til samanlikning ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 76 800 kroner, som er ein auke på 3 200 kroner, eller 4,3 prosent, frå året før.

Antall tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk

Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i næringshovudområdet kraftforsyning, med til saman 9 753 heiltidstilsette og 725 deltidstilsette. Ifølgje Verksemd- og føretaksregisteret hadde næringshovudområdet til saman 14 600 tilsette per oktober 2013. Næringshovudområdet inneheld både offentlege og private verksemder som driv med produksjon, overføring og distribusjon av elektrisitet.