Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Månadslønna opp 1 400 kroner
Tilsette i vassforsyning, avlaups- og renovasjonsverksemd hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 35 700 kroner i oktober 2011. Det var ein auke på 1 400 kroner, eller 4,1 prosent, frå oktober 2010.
Innanfor vassforsyning, avlaups- og renovasjonsverksemda er det mange tilsette i yrkesgruppa operatørar og sjåførar, til dømes driftsoperatørar, maskinførarar, prosessoperatørar og spesialarbeidarar. Denne gruppa hadde ei månadslønn på 31 900 kroner, ein auke på 3,2 prosent frå oktober 2010. Avtalt månadslønn auka samstundes med 2,7 prosent, frå 29 400 til 30 200 kroner. Ei anna talrik yrkesgruppe i næringa er handverkarar. Her finn vi i stor grad ulike typar av fagarbeidarar. Dei hadde ein auke i månadslønna på 3,5 prosent, frå 31 500 til 32 600 kroner. Avtalt månadslønn auka frå 29 400 kroner til 30 600 kroner, det svarar til ein auke på 4,1 prosent.
Ingeniørar og leiarar
Tilsette i yrke med høgskuleutdanning hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 39 100 kroner. Det var ein auke på 4,8 prosent frå oktober 2010. Til samanlikning hadde leiarar ei gjennomsnittleg månadslønn på 54 300 kroner, eller i snitt 5,2 prosent meir enn året før.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken byggjer på eit utval av verksemder i både offentleg og privat sektor i næringshovudområdet vatn, avlaups- og renovasjonsverksemd med til saman 8 757 heiltidstilsette og 1 305 deltidstilsette. Ifølgje Bedrifts- og føretaksregisteret utgjorde vektegrunnlaget til lønnsstatistikken for vatn, avlaup og renovasjon 10 600 tilsette per oktober 2011. Månadslønn er hovudomgrepet i lønnsstatistikken og omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje medrekna i månadslønna. Lønnsstatistikken har teljing 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunktet for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan påverke dei målte lønnsendringane i statistikken. |
Tabeller:
- Tabell 1 Tilsette i vatn, avlaup og renovasjon. Gjennomsnittleg månadslønn per heiltidsekvivalent per 1. oktober 2010 og 2011. Kroner og endring i prosent
- Tabell 2 Heiltidstilsette i vatn, avlaup og renovasjon. Gjennomsnittleg månadslønn etter yrkesgruppe per 1. oktober 2010 og 2011. Kroner og endring i prosent
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan verke på lønnsendringane i statistikken.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42