Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Månadslønna opp 1 600 kroner
Tilsette i vassforsyning, avlaup og renovasjonsverksemd hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 37 300 kroner i oktober 2012. Dette er ein auke på 1 600 kroner, eller 4,5 prosent, frå oktober 2011.
Månadslønn | Avtalt månadslønn | |||
---|---|---|---|---|
2012 | 2011 - 2012 | 2012 | 2011 - 2012 | |
Vatn, avlaup og renovasjon i alt | 37 300 | 4,5 | 35 600 | 4,1 |
Av dette | ||||
Leiaryrke | 56 700 | 4,4 | 53 600 | 5,1 |
Akademiske yrke | 47 300 | 6,5 | 46 200 | 6,5 |
Høgskuleyrke | 42 000 | 7,4 | 40 300 | 7,2 |
Kontoryrke | 33 700 | 4,3 | 32 500 | 4,2 |
Handverkarar | 34 200 | 4,9 | 31 900 | 4,2 |
Operatørar,sjåførar mv. | 32 600 | 2,2 | 31 000 | 2,6 |
Yrke utan krav til utdanning | 30 300 | 2,4 | 29 300 | 1,4 |
Innanfor næringsområdet vatn, avlaup og renovasjon er det mange tilsette i yrkesgruppa operatørar og sjåførar, til dømes driftsoperatørar, maskinførarar, prosessoperatørar og spesialarbeidarar. Denne gruppa hadde ei månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 32 600 kroner i oktober 2012, ein auke på 2,2 prosent frå oktober 2011. Avtalt månadslønn auka med 2,6 prosent, frå 30 200 til 31 000 kroner. Handverkarar hadde til samanlikning ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 34 100 kroner. Det er 1 500 kroner, eller 4,9 prosent, meir enn på same tidspunkt i 2011. Avtalt månadslønn for gruppa auka frå 30 600 kroner til 31 900 kroner, eller med 4,2 prosent.
Tilsette i yrker med høgskuleutdanning hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 42 000 kroner. Dette er ein auke på 7,4 prosent frå oktober 2011. Til samanlikning hadde leiarar ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 56 700 kroner, i snitt 4,4 prosent meir enn året før.
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunkt for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan verke på lønnsendringane i statistikken.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42