140052_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnvar/aar
140052
Månadslønna opp 1 100 kroner
statistikk
2014-03-13T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
lonnvar, Lønn for tilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemdLønn og arbeidskraftkostnader, Arbeid og lønn
false

Lønn for tilsette i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd1. oktober 2013

Lønnsstatistikk 2015 for alle næringshovedområder og ulike områder i offentlig sektor, vil bli publisert samlet 3. mars 2016 i statistikken Lønn, alle ansatte.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Månadslønna opp 1 100 kroner

Gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle for heiltidstilsette i vatn, avlaup og renovasjonsverksemd var 38 400 kroner per oktober 2013. Dette er ein auke på 1 100 kroner, eller 2,9 prosent, frå oktober 2012.

Heiltidstilsette i vatnforsyning, avlaup og renovasjonsverksemd, etter yrke. Gjennomsnittleg månadslønn per oktober. Kroner og endring i prosent
MånadslønnAvtalt månadslønn
20132012 - 201320132012 - 2013
Vatn, avlaup og renovasjon i alt38 4002,936 7003,1
Av dette
Leiaryrke57 8001,955 2003,0
Akademiske yrke48 2001,947 0001,7
Høgskuleyrke43 5003,641 8003,7
Kontoryrke34 5002,433 5003,1
Handverkarar34 9002,032 3001,3
Operatørar,sjåførar mv.33 9004,032 2003,9
Yrke utan krav til utdanning31 6004,330 5004,1

I dette næringsområdet er det mange tilsette i yrkesgruppa operatørar og sjåførar, som til dømes driftsoperatørar, maskinførarar, prosessoperatørar og spesialarbeidarar. Denne gruppa hadde ei månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 33 900 kroner, som svarar til ein auke på 4 prosent frå oktober 2012. Avtalt månadslønn steig 3,9 prosent i perioden, frå 31 000 til 32 200 kroner.

2 prosent høgare lønn til handverkarar

Handverkarar hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 34 900 kroner. Dette er 700 kroner, eller 2 prosent, meir enn på same tidspunktet i 2012. Avtalt månadslønn for denne yrkesgruppa auka med 1,3 prosent, frå 31 900 kroner til 32 300 kroner.

1,9 prosent høgare lønn til leiarar

Heiltidstilsette i yrke med høgskuleutdanning hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 43 500 kroner. Dette er ein auke på 3,6 prosent frå oktober 2012. Leiarar hadde ei gjennomsnittleg månadslønn eksklusive overtidsgodtgjersle på 57 800 kroner. I gjennomsnitt er dette 1,9 prosent meir enn året før.

Talet på tilsette i statistikkgrunnlagetÅpne og lesLukk

Statistikken byggjer på eit utval av verksemder i både offentleg og privat sektor i næringshovudområdet vatn, avlaup og renovasjonsverksemd med til samen 8 966 heiltidtilsette og 1 385 deltidstilsette. Ifølgje Verksemd- og føretaksregisteret utgjorde vektegrunnlaget til lønnsstatistikken for vatn, avlaup og renovasjonsverksemd 10 400 tilsette per oktober 2013.