Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Pensjonsytingane i AFP-ordninga aukar
Pensjonsytingane i ordninga for Avtalefesta Pensjon (AFP) vart 2 739 millionar kroner i 2005 - ein auke på 7,4 prosent samanlikna med 2004. Ordinært resultat vart likevel betre i 2005 enn i 2004, noko som kjem av auka finansinntekter.
I 2005 vart ordinært resultat på 64,3 millionar kroner - ein auke på 104,1 prosent samanlikna med 2004. Forvaltningskapitalen auka med 9,1 prosent til 1 405 millionar kroner, noko som kjem av den positive utviklinga i aksjemarknadene.
Fellesordninga for tariffesta pensjon (FTP) er under styrt avvikling og får ikkje inn meir premiar. Denne ordninga hadde òg gode resultat frå finansielle eigedelar, og overførte mindre frå forsikringsfondet enn i 2004, for å dekkje pensjonsskyldnadene.
Tabeller
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42