Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Pensjonsytingane i AFP-ordninga aukar framleis
Pensjonsytingane i ordninga for Avtalefesta Pensjon (AFP) vart 3 028 millionar kroner i 2006 - ein auke på 10,5 prosent samanlikna med 2005. Ordinært resultat vart likevel betre i 2006 enn i 2005, noko som hovudsakleg kjem av auka premieinntekter.
Pensjonsytingane steig med 289 millionar kroner i 2006, noko som hovudsakleg kjem av auke i talet for AFP-pensjonistar samanlikna med 2005. I 2006 vart ordinært resultat på 115 millionar kroner - ein auke på 79,1 prosent samanlikna med 2005. Forvaltningskapitalen auka med 9,5 prosent til 1 539 millionar kroner, noko som kjem av auka fordringar og den positive utviklinga i aksjemarknadene.
Fellesordninga for Tariffesta Pensjon (FTP) er under styrt avvikling og får ikkje inn meir premiar. I 2006 vart ordinært resultat på - 6 millionar kroner, mens forvaltningskapitalen vart 158 millionar kroner.
Tabeller
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42