Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis auke i AFP-utbetalingar
Pensjonsytingane i ordninga for Avtalefesta Pensjon (AFP) utgjorde 3 403 millionar kroner i 2007, ein auke på 12,4 prosent samanlikna med 2006. Ordinært resultat for ordninga vart likevel betre i 2007 enn i 2006, noko som hovudsakleg kjem av høgare premieinntekter.
Pensjonsytingane steig med 375 millionar kroner i 2007, noko som hovudsakleg kjem av auke i talet for AFP-pensjonistar samanlikna med 2006. I 2007 vart ordinært resultat på 236 millionar kroner, ein auke på 104,6 prosent samanlikna med 2006. Forvaltningskapitalen auka med 18,1 prosent til 1 818 millionar kroner, noko som kjem av auka fordringar og den positive utviklinga i aksjemarknadene.
Fellesordninga for Tariffesta Pensjon (FTP) er under styrt avvikling og får ikkje inn meir premiar. I 2007 var ordinært resultat for FTP på minus 19 millionar kroner, mens forvaltningskapitalen var på 137 millionar kroner.
Tabeller
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42