Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
AFP-pensjonsytingane aukar framleis
Pensjonsytingane i ordninga for Avtalefesta Pensjon (AFP) vart på 3 836 millionar kroner i 2008 - ein auke på 13 prosent samanlikna med 2007. Ordinært resultat gjekk ned med 41 prosent sett i høve til 2007.
Pensjonsytingane steig med 122 millionar kroner i 2008, noko som hovudsakeleg kjem av ein auke i talet på AFP-pensjonistar frå 2007 på 8,8 prosent. I 2008 vart ordinært resultat på 138 millionar kroner - ein nedgang på 41 prosent samanlikna med 2007, noko som kjem av store verdiendringar på marknadsbaserte omløpsmiddel. Forvaltningskapitalen auka med 6 prosent til 1 921 millionar kroner.
Fellesordninga for Tariffesta Pensjon (FTP) er under styrt avvikling og får ikkje inn meir premiar. I 2008 var ordinært resultat på -132 millionar kroner, mens forvaltningskapitalen kom på 2,8 millionar kroner.
Tabeller
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42