Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
AFP-pensjonsytingane aukar framleis
Pensjonsytingane i ordninga for Avtalefesta Pensjon (AFP) vart på 3 595 millionar kroner i 2010 - ein auke på 11 prosent samanlikna med 2009.
Pensjonsytingane steig med 365 millionar kroner i 2010, noko som hovudsakeleg kjem av ein auke i talet på AFP-pensjonistar på 12,5 prosent frå 2009. I 2010 vart ordinært resultat på minus 4 428 millionar kroner - ein nedgang på 841 prosent samanlikna med 2009, noko som kjem av store endringar i framtidige pensjonsforpliktingar. Forvaltningskapitalen auka med 11 prosent til 5 551 millionar kroner.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42