221716_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/aar
221716
Vekst i obligasjonsgjelda etter fall i kronekursen
statistikk
2015-06-04T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
true
Tallene gir en oversikt over utviklingen i obligasjons- og sertifikatmarkedet i Norge samt for obligasjoner og sertifikat som norske låntakere har emittert i utlandet.

Obligasjonar og sertifikat2014

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Årstala inneheld opplysningar særskilt om obligasjonar. 

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Vekst i obligasjonsgjelda etter fall i kronekursen

I 2014 voks gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg med nær 6 prosent. Sterkt fall i kroneverdien påverka veksten i gjelda med vel 1 prosent. Dette er ei følgje av at nokre lån er i utanlandsk valuta. Nær halvparten av gjelda har solid garanti, men 42 prosent er ikkje sikra.

Obligasjonar som er emitterte i Noreg i pålydande verdi og gjeld frå obligasjonane i pålydande verdi og marknadsverdi. Milllionar kroner1
Emisjonar i pålydande verdiObligasjonsgjeld i pålydande verdiObligasjonsgjeld i marknadsverdi
1Kilde: Verdipapirsentralen
2014411 7921 728 3731 772 811
2013407 4241 637 9021 665 173
2011294 6711 514 6091 541 616
2010261 9731 290 1101 283 251
2009492 1861 220 4471 211 973
2008286 037933 816883 242
2007225 691775 403779 124
2006253 450732 784746 813
2005151 880594 369624 208
2004126 901535 230566 076
2003124 407520 294544 583

Ved utgangen av 2014 var samla pålydande verdi av den innanlandske obligasjonsgjelda på 1 728,4 milliardar kroner. 127 milliardar kroner av gjelda var i utanlandsk valuta - heile 30 prosent meir enn ved utgangen av 2013. To tredelar av veksten i slik gjeld kjem på grunn av fall i kronekursen. Det meste av gjelda i utanlandsk valuta er teken opp av utlendingar. Fallet i kronekursen ga ein vekst i samla gjeld frå obligasjonar som er emitterte i Noreg på vel 1 prosent. Resten av gjeldsveksten kjem av fleire emisjonar enn innløysingar.

Stor variasjon i sikkerheit for gjelda

Det er stor variasjon når det gjeld sikring av gjelda frå obligasjonane som er emitterte i Noreg. 42 prosent av gjelda er ikkje sikra. 21 prosent av gjelda har ein garanti frå offentleg forvaltning - i hovudsak staten - mens 27 prosent av gjelda er obligasjonar med førerett. 2 prosent av gjelda er ansvarleg lånekapital. Resten av gjelda er sikra på ein annan måte.

Meir gjeld til offentleg forvaltning og utlendingar

Ved utgangen av 2014 hadde andre finansielle føretak enn bankar den største delen av obligasjonsgjelda, med 29 prosent. Den nest største delen hadde offentleg forvaltning med 24 prosent. Den samla gjelda til andre finansielle føretak gjekk ned med 7 prosent i 2014, mens gjelda som høyrer til offentleg forvaltning, gjekk opp med heile 20 prosent. Bankane hadde den tredje største delen av obligasjonsgjelda på dette tidspunktet: 17 prosent. 15 prosent av gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg ved utgangen av 2014, var teken opp av utlendingar, mot 14 prosent eit år tidlegare.

Marknadsverdiane voks ytterlegare i 2014

Mens marknadsverdiane på obligasjonar som er emitterte i Noreg i dei fleste høva var mindre enn dei pålydande verdiane i perioden 2008 – 2010, har det vore omvendt sidan 2011. Marknadsverdien av samla innanlandsk obligasjonsgjeld har vakse ytterlegare, og låg i snitt 2,6 prosent over den pålydande verdien av gjelda ved utgangen av 2014, mot om lag 2 prosent over dei pålydande verdiane ved utgangen av dei to føregåande åra. Dette var en gjennomsnittsverdi for både børsnoterte og ikkje-børsnoterte obligasjonar, som kan vere ulikt prisa. I 2014 var marknadsverdien for børsnoterte obligasjonar heile 6,9 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien for ikkje-børsnoterte obligasjonar var derimot 1 prosent under den pålydande verdien.

Marknadsverdiane låg gjennomgåande noko under dei pålydande verdiane på obligasjonar som har vore emitterte av private føretak og utlendingar, mens dei var høgare enn dei pålydande verdiane for andre obligasjonar. Spesielt høg var marknadsverdien for obligasjonar som er emitterte av stats- og trygdeforvaltninga: i snitt 9 prosent over den pålydande verdien.

Moderate emisjonsvolum i 2014

I Noreg blei det emittert obligasjonar for i alt 412 milliardar kroner i 2014. Dette er ein vekst i emisjonsvolumet på 1 prosent frå 2013. I den same perioden blei det registrert innfriingar av obligasjonslån for totalt 340 milliardar kroner.

Kredittføretak låner framleis meir enn andre

Fordelinga av låneopptak har vore nokså stabil dei siste åra. Kredittføretaka tok som tidlegare opp mest obligasjonslån i Noreg, med eit lånebeløp på 102,9 milliardar kroner i 2014. Bankane tok opp det nest største lånebeløpet: 73,0 milliardar kroner. Det tredje største lånebeløpet, 72,0 milliardar kroner, blei teke opp av stats- og trygdeforvaltninga. Som tidlegare tok òg utlendingar opp ein betydeleg del obligasjonslån i Noreg: 66,2 milliardar kroner.

Tabell: Obligasjonar som er emitterte i Noreg 31. desember 2014. Sortert etter ISIN (xls-fil)